Tordenbloggen 2007

Skriv · · 29. november 2007

Så var Filmdagbok ute av konkurranse etter grei skuring for Frk. Makeløs i tredje runde, med respektive 45-111 til bortelaget. Eg er i heile tatt stolt over å ha fått så mykje som 45 poeng, utan å ty til jungeltelegrafprotokollen MSN i denne omgangen, iallfall ikkje så mykje som i forrige omgang – ja, eg innrømmer det no.

Kva plass eg hamna på til slutt veit eg ikkje, då eg er usikker på om Tordenbloggen si oppgitte liste, De hotteste hundre i 2007 er gjeldande som cupresultat, men i følge den lista står eg som nr. 15 hittil, så ein plass mellom 15 og 32 blir det nok. Kva kan eg sei, i fjor kom eg på 51. plass, som eg var veldig nøgd med. Men eg legg ikkje all verden i dette, eg likar å pusle på med mitt eige her utan å snuse særleg på kva litteratur- og politikkgjengen gjer. Takk for stemmene, forresten! Eg kjem tilbake med det ferdige resultatet seinare.

26. november skreiv eg følgande:

Andre runde er ferdig, Filmdagbok gjekk vidare, eg er glad for det og takkar igjen for støtten. Det betyr at Filmdagbok er blant dei 32 som skal ut i den firedelte tredje runde, fire grupper med fire kampar kvar. Hadde aldri andre håp enn om å nå andre runde og behalde plasseringa frå i fjor. Filmbloggane har ein tendens til å vere underdogs i slike samanhengar. Er skuffa over å sjå at favoritten min, Fred Ut og nokre andre av dei faste i RSS-feeden min har gått ut, kom sterkt igjen neste år!

11. november skreiv eg følgande:

Innleiiande runde er ferdig for min del, eg var med i gårsdagens omgong og gjekk vidare som nummer fire, altså den siste plassen av dei som blir med i neste omgong. Som nemnt tidlegare (les under) så blir det ingen stemmesanking her, men ei stor takk til dei som har stemt på meg hittil er på sin plass. Blei overraska over å sjå at det tilsynelatande er fleire enn to som les her. ;)

8. november skreiv eg følgande:

Som i fjor rundt desse tider er Tordenbloggen i gong igjen, faktisk har det pågått i nokre dagar og eit fåtall grupper har allereie gjennomgått første runde i bloggecupen. Filmdagbok har ikkje dukka opp endå, eg har heller ingen planar om å opplyse om når eg blir trukke ut for å sanke stemmer i år, men anbefalar alle med eit snev av interesse for bloggar å besøke tordenbloggen.sonitus.org fast for å følge med på alt som skjer der.

Tordenbloggen 2007 plakat - Filmdagbok