Trailer: Superman Returns

Skriv · · 4. mai 2006

Dei som følgjer med, har nok fått med seg at det har blitt lansert ein ny filmtrailer for Superman Returns for eit par dagar sidan via blant anna Apple – Trailers.

Fan av Superman som eg er, mest i skikkelse av Tom Welling i TV-serien Smallville, som i og for seg har tatt ein litt eigen retning etter kvart. Men og gjennom dei tidlegaste filmane med Christopher Reeve, og dei meir moderne hefta frå Titan Books.

Oppfostra, om ein kan kalle det det, med Smallville, og Lois & Clark: The New Adventures of Superman, er eg redd for at Kevin Spacey vil bli for morsom og dum i den nye filmen. Slik kan det verke på trailer nummer 2. At Clark Kent nok blir meir som Daily News journalist Clark Kent er, altså ei kløne, har eg full forståelse for. Ettersom dette saman med brillene jo er ein måte å trekke merksemda vekk frå ansiktet hans på, så folk ikkje skal kjenne han igjen. Og viss dei til slutt kan framstille Lois Lane som den smarte og dyktige kvinna ho må vere for å vere ein prisvinnande journalist, så trur eg resten av filmen kan bli vel så god. Og det ser heller ikkje ut til å mangle på spesialeffektar.

Trailer: Superman Returns plakat - Filmdagbok