Tre måtar å loggføre episodar på

Skriv · · 5. oktober 2020

TV Calendar

Ei god teneste som er lett å bruke. Helst på stor skjerm. Støtten for mobilskjerm er der, men er ikkje fullstendig. Og sida tilbyr ikkje mobilapplikasjon. Gratis å bruke. Omfanget av seriar er godt blant dei største og mest kjente amerikanske seriane, men tynnare utover i rekkene. Eg brukte denne før, men på grunn av manglande seriar hadde eg aldri full oversikt over alle seriane eg såg på her. Besøk TV Calendar.

IMDb

IMDb er gode på film, og greie på seriar. Men i blant så manglar det nyaste om blant anna norske seriar. Du kan bidra til databasen om han har manglar. På IMDb kan du rangere enkeltepisodar, og sånn sett halde styre på kva du har sett. Besøk IMDb.

TV Time

Gratis teneste som fungerer godt i nettlesar og eigen mobilapplikasjon. Har god dekning av seriar, og hentar serieinformasjon frå TheTVDB. Etter å ha bidrege med eit par smalare seriar til TheTVDB så dekkar TV Time alt eg har sett av seriar. Av dei tre tenestene er det denne eg vil anbefale til å loggeføre sette episodar av seriar. Besøk TV Time.

Andre tenester?

Har du andre tenester å tipse om? Send meg gjerne ein e-post. Kontaktinformasjon finn du på sida Om Filmdagbok.

Tre måtar å loggføre episodar på plakat - Filmdagbok