TV pilotguide #1: College, Miami og forstadsdrama

Skriv · · 26. juli 2007

Hausten er, ved sidan av våren, tid for å fokusere på tv-seriar. No er det rett nok ikkje haust endå, men eg har tjuvstarta med sommarens utval. I fjor såg eg stort sett pilotepisodar og gav meg der, problemet med det er at dei gjerne blir brukt til ei innføring, så korleis serien har tenkt å fortsette blir ikkje avklart før i andre episode. I år har eg utvida til å sjå minst to episodar av ein serie før eg vurderar potensialet, om det finst. Eg håpar å framstå som ein guide såleis. Difor har eg starta TV pilotguide som eigen samlepostråd. Og i løpet av hausten vil eg gi fleire innblikk i det nye som dukkar opp.

Greek er eit ungdomsdrama om college, fraternities og sororities (for å bruke dei engelske termane). Om søskenparet Cartwright som består av den etablerte søstera Casey og collegfersking Rusty. Serien prøver å framstå som djupare enn den vante rølpefilmen om hasjis og pulings, dramaet er likevel for simpelt når det ikkje er anna ved serien som fungerar som trekkplaster. Bortsett frå Spencer Grammer som Casey då, men eg har ingen intensjonar om å gjere dette til ein hyllest for unge, pene, amerikanske skodespelarinner. Greek passar for dei som er oppslukt i collegekulturen, men blir for tynt for oss andre.

Meadowlands er opprinneleg ein britisk serie som går under namnet Cape Wrath, men blir sendt samtidig på Showtime i USA under dette namnet, som også er namnet på staden der handlinga føregår. I dette forstadsdramaet har skaparane valgt å gå ekstra langt ved å gjere alle innbyggarane om til trua personar i ulike vitnemålssaker, noko som gjer staden til eit mekka for hemmelegheiter og mystikk. Sjølv om serien har alt som skal til for å skape ei interessant kulisse, manglar det som gjer karakterane interessante. Dei framstår som småkjedelege, eg blei aldri nysgjerrig på kva bakgrunn dei hadde. Nokre seriar treng meir enn to episodar på å legge grunnlaget, eg trur heller ikkje Meadowlands er ein av dei.

Burn Notice. Michael Westen (Jeffrey Donovan) framstår som ei krysning mellom MacGyver og eit Miami Vice-politi. Når han brått blir avkutta frå CIA, årsak ukjent, (derav burn noticed), må han midlertidig ty til private oppdrag mens han etteforskar grunnen til utestengelsen. Burn Notice kombinerar spenning og humor på uhøgtidleg vis, utan å bli banalt. Tonen blir funne allereie i første episode. Det går fram at her vil me få nye eksterne oppdrag etter kvart som Westen søker etter eigne svar. Serien fenga frå første minutt. Held den seg så god som dei to første episodane, vil eg gi den vidare sjanse. Dessutan er Bruce Campbell med!

TV pilotguide #1: College, Miami og forstadsdrama plakat - Filmdagbok