TV pilotguide #3: 30-50-70

Skriv · · 19. september 2007

I Hate My 30s

Noko så sjeldan som ein VH1-serie. I Hate My 30s er ein situasjonskomedie om å vere over 30 år gammal, satt til eit kontormiljø. Skodespelet her er skuffande, som i mange andre likeverdige sitcommar. For I Hate My 30s er ikkje noko anna enn eit dårleg gjennomført forsøk. Responsen til vitsane blir lange haaahaaa framfor ektefølte haha. Serien kan glimte til ein sjeldan gong, men aldri nok til å gjere det så morosamt at mangelen på djubde og gode karakterar kan oversjåast.

Mad Men

Mad Men handlar ikkje om gale menn, men om reklamefolk i Madison og prøver seg på eit historisk perspektiv ved å la handlinga føregå på 1950-talet, med kvinnesyn, skepsisen til truverdigheita bak forskinga på kreftfaren i sigarettar, osv. For mitt vedkommande fatta ikkje serien interesse, då den blir for kjedeleg. Det kan godt vere at den legg for mykje i å vere 1950-tals, og at historiane forsvinn i alt dette. Alle mannskarakterane her er nærast identiske, og kvinnene forblir objekta dei er i forhold til mennene også utanfor slike situasjonar. I konkurransen om å utmerke seg blant tv-seriar blir det for tamt.

The Bronx is Burning

ESPN er mest kjent for sport, men glimtar i blant til med ein tv-serie. Naturlegvis om sport, og gjerne med kjente namn på rollelista. Som Tilt med Michael Madsen for nokre få år tilbakes. The Bronx is Burning, som er deira nye storsatsing, har både Oliver Platt og John Turturro på lista, begge framifrå skodespelarar. Serien handlar om New York Yankees (baseball) og perioden då Steinbrenner var eigar og Martin trenar (slutten på 1970-talet, for oss utanforståande). Som bihistorie har dei teke med saka om ein seriemordar som gjekk laus på den tida (.44 mordaren). The Bronx is Burning er lagt opp som ei blanding mellom ein dramaserie, arkivfoto, avisoverskrifter, gjenskaping av hendelsar. Litt tungt å komme seg inn i første episode, eg var i tvil om eg orka å sjå den andre. Men i den satte handlinga seg verkeleg godt. For ikkje å gi inntrykk av anna, så er det ein dramaserie dette her, på ein innovativ måte altså. Du treng heller ikkje vere nemneverdig interessert i baseball for å like dette. Dessutan gjer Oliver Platt ei storslagen rolletolking, som vanleg, nesten verdt serien åleine.

TV pilotguide #3: 30-50-70 plakat - Filmdagbok