TV pilotguide #4: Is nerd the new cool?

Skriv · · 3. oktober 2007

Litt lengre innlegg denne gongen, no som pilotsesongen er i gong. Følgande seriar har eg fått sett to episodar av i skrivande stund. Fleire seriar kjem i seinare innlegg.

Gossip Girl er det nye The O.C., der varme vestkysten er bytta ut med New York. Mannen bak serien er Josh Schwartz som i tillegg er aktuell med Chuck i haust. Tenåringsdrama blanda med humor er oppskrifta. Pluss: Serena er sukkersøt. Penn Badgley har fått ny sjanse etter svake The Mountain. Serien treff der The O.C. traff. Kristen Bell har forteljarstemma. Minus: Med The O.C. i tankane, kor lenge vil det fungere? Første episode var veldig altfor fjortis, men det blei betre i andre. Dom: Blir kanskje fast på programmet, kjem mykje an på resten av tilbodet i haust.

Med Back to You er Kelsey Grammer igjen framfor mikrofonen, denne gongen har han kamera der óg. Dette er ein situasjonskomedie om livet som tidlegare populær ankermann, tilbake til det lokale nyheitsprogrammet. Pluss: Vitsane flyg fram og tilbake, i blant dukkar det opp ein bra. Minus: Vitsane flyg fram og tilbake, som oftast dukkar det opp dårlege. Back to You er ingenting nytt. Dom: Går an å sjå, men i ettertid føler ein seg utnytta, serien gir lite. Personleg vil eg styre unna.

K-Ville er ein politiserie satt til New Orleans to år etter stormen Katrina herja. Kriminalitet er det nok av, så ein politiduo leia av Anthony Anderson får gjerne nokre innvikla saker på nakken. Pluss: Fargerikt miljø og eit godt utgongspunkt for ein politiserie. Minus: Lite engasjerande. Kjente, men kjedelege rollefigurar. Veldig standardisert opplegg. Dom: Overkommeleg serie, men eg vel å ikkje vie meir merksemd til den.

The Big Bang Theory er nok ein situasjonskomedie ny som har funne vegen til skjermen i haust. Den handlar om to nerdar og fysikarar som får ei ny og veldig pen (les: heit) nabo. Pluss: Over halvparten av vitsane er greie eller gode. Nabodama er pen. Serien etablerte eit miljø tidleg. Minus: Minimalt med handling. Veldig kunstig miljø. Tynne karakterar. Dom: The Big Bang Theory er ingen prioriteringssak, det finst betre komediar og situasjonskomediar, men er innimellom ganske artig.

I Journeyman møter me Dan i skikkelse av Kevin McKidd (Rome), som brått ein dag opplever å bli ukontrollert sendt fram og tilbake i tid. I fortida er han meint å hjelpe personar med problem som strekk seg over fleire år. Pluss: Science fiction-elementet med tidsreise er eit spennande område. Minus: Dramaet er middels og handlinga er ikkje spesielt spennande. Skodespelarane er ok, men karakterane tek etter handlinga. Dom: Journeyman har ikkje det som skal til for å fatte interessa utover to episodar.

Chuck er som nemnt over den andre aktuelle serien til Josh Schwartz i haust. Her handlar det om ei nerd med butikkjobb, spionar og statlege hemmelegheiter implementert i hjernebarken til nerda, som forøvrig heiter Chuck. Pluss: Serien har humor, er spennande og med kule folk. Sarah er (som Serena i Gossip Girl) sukkersøt. Minus: Eg har inntrykket av å ha sett same før på tv. Spionserie med humor går på bekostning av truverdigheita og gir meg eit inntrykk av å vere billeg. Manglar litt retning. Dom: Chuck går greitt ned, med gir ikkje så mykje tilbake forutan humor i nu-et. Kanskje fin å komme tilbake til i ettertid, som til sommaren?).

Cane tek for seg sukkerindustrien i den sørlege delen av USA, med ein kubanskætta familie som senter for serien, og ein amerikanskætta familie som fiende. Sukker til tross, dette er ein mørk affære med mange skjulte sannheiter. Pluss: Familiedrama og business i blanding som det skal vere. Mørkt, spennande og med akkurat passe trådar. Minus: Førsteepisoden var ikkje blant dei mest lovande. Dom: Ingen ny The Sopranos, men Cane har nokre av kvalitetane derifrå. Godt over middels interessenivå for denne.

Heroes Unmasked blir ein outsider i dette innlegget, ettersom det ikkje er ein tv-serie lik dei andre her. Den var dessutan ny i vår. Her får me intervju og informasjon frå folka framfor og bak kamera på Heroes-settet, servert i 10–15 minuttars episodar. Pluss: I blant dukkar det opp noko ein ikkje har tenkt på før. Minus: Intervjua er glattpolerte og folk seier alt som er forventa for å promotere ein serie. Dom: Eit par episodar går an, i lange løp blir slikt bortkasta tid for andre enn usunt engasjerte fans.

Reaper blandar sløve, dumme ungdommar med djevelsk alvor på lett, humoristisk vis. Foreldrene til Sam inngitt ein avtale med djevelen og 21 år etter er tida inn for eit oppgjer, Sam må jobbe som bounty hunter og fange sjeler rømt frå helvete. Pluss: Konkret og hurtig serie. Humor basert på idiotiske handlingar utan å få publikum til å føle seg dum. Morsom vri på djevelskheit og mørke krefter. Minus: Ikkje det mest drastiske minuset etter som Reaper fungerar bra, men episodane har nokså likt handlingsforløp. Dom: Reaper er ein av dei seriane eg kunne ha sett om det ikkje var fordi eg har nok på programmet.

TV pilotguide #4: Is nerd the new cool? plakat - Filmdagbok