TV pilotguide #5: Sterke kvinner, svake menn

Skriv · · 12. oktober 2007

Eit knippe nye tv-seriar. Eg har verkeleg satt meg inn i nye seriar i haust føler eg, fått ei god oversikt, sett mykje som ikkje kan betraktast som innovativt, men likevel noko bra innimellom.

Dirty Sexy Money har nokre kjekke namn på rollelista. Peter Krause (Six Feet Under). Donald Sutherland. Samaire Armstrong (The O.C.). Førstnemnte spelar advokat for ein fiktiv, rik New York-familie, der medlemmane er tydleg inspirert av aktuelle kjendisar. Pluss: Ein del skjer, serien ser ut til å ha nok å gripe tak i. Gode skodespelarar over heile linja. Den raude tråden blir tydeleg etablert i første episode. Minus: Vil nok ta tid å komme innpå karakterane. Parodieringa kan i blant vere i overkant. Dom: Vanskeleg å sei kva dette vil utvikle seg til, er villig til å gi serien ein sjanse i framtida.

Bionic Woman er serien for folk som likar tøffe damer. Då Jaime Sommers (Michelle Ryan) hamnar i ei bilulykke og blir ganske så oppskrapa, erstattar forlovaden hennar fleire vitale kroppsdeler med heavy elektronikk. Pluss: Tøffe damer og heidundrandes action. Viser tydeleg i kva spor den legg seg. Har humor. Minus: Dama som spelar Jaime overbeviste ikkje i første episode. Dom: Bionic Woman er faktisk veldig gøy, på ein enkel måte. Må nesten sjå meir av denne.

Life minnar meg om House M.D. Hovudpersonen, Charlie Crews (Damian Lewis), uskuldig dømt politimann, slepp ut av fengselet etter 12 år, og han har valt å ta stilling som politietterforskar. Veldig zen, veldig smart og utsjåandemessig lik Dr. House, men manglar sarkasmen. Pluss: Ein dose personleg drama som akkurat utviklar seg nok. Interesse saker. Kule eller pene skodespelarar (Sarah Shahi er partnaren). Minus: Sakene har litt enkel løysing. Dom: Som politiserie fungerte dette godt. Det kan bli interessant å sjå meir på DVD så den personelege biten blir endra betre samanhengande.

Moonlight handlar om ein vampyr som er snill og som berre drikk blod frå døde folk. Han jobbar som privat etterforskar og det er det. Pluss: Første episode var småspennande. Fin modernisering av vampyrar. Sophia Myles er pen. Minus: Andre episode blei kjedeleg. Ingen av karakterane er spesielt kule, utanom vampyren spelt av Jason Dohring, men han får for lite skjermtid. Dom: Moonlight blei etter kvart altfor anonymt. Torer eg å spå ei kort levetid?

Big Shots kan enkelt beskrivast som Desperate Housewives med menn i hovudrollane. Litt mindre såpeparodiering, men like mykje innvikla drama. Fire menn i gode jobbar er venner via same golfklubb og stiller opp for kvarandre når nødvendig, samt snakkar om alt. Pluss: Ledig tone og små morsomheiter heile vegen som gjer det til enkel fordøyeleg underhalding. Minus: Kjedeleg lite nytt. Ingen tøffe skodespelarar som merkar seg ut. Dom: Ingenting å sette tennene vidare djupare i.

Aliens in America er ingen science fiction-serie. Aliens står for to gutar som ikkje passar heilt inn i eit high school-miljø. Familien til Justin hentar inn ein utvekslingsstudent i håp om at Justin skal få ein ny og ikkje minst kul venn, studenten viser seg å vere pakistansk og langt i frå det dei håpa om. Pluss: Komedie utan latterboksar. Morsomt. Kule folk. Flaue situasjonar. Bra samanheng. Minus: Eit snev for mykje av verdiar. Dom: Den beste nye komedie hittil i år, fekk lyst til å sjå meir.

Cavemen er basert på ein kjent serie med reklamar for Geico Insurance (USA), og er ein serie av den komiske varianten. Rart grunnlag for ein serie som har blitt sett på med skeptiske auge heilt sidan den blei lansert. Handlinga er tilpassinga av eit ørlite meir primitivt folkeslag i kvardagstilværelsen. Pluss: Folka ser ganske så rare ut. Minus: Serien er kjedeleg. Tom. Tynn. Dom: Ingenting å bry seg vidare om.

Carpoolers er ein komedie som handlar om fire naboar som køyrer i lag til jobb. Litt av handlinga går føre i bilen, mesteparten heime og på jobb. Pluss: Ein av dei fire har ein son som liknar ein del på Napoleon Dynamite. Minus: Nok ein komedie som eigentleg er ganske kjedeleg. Den har ingenting spesielt å fortelje, manglar interessante karakterar. Dom: Carpoolers er hakket betre enn Cavemen, men er utruleg platt. Eit lite hol i intetmannsland.

Pushing Daisies fortel historia om Ned, i besetning av eit talent som gjer at han kan gjenopplive døde ved å ta på dei, og ta livet igjen ved andre berøring. Viss ikkje den andre berøringa skjer, vil ein person i nærleiken dø i staden. Pluss: Rart og veldig søtt miljø som legg meir vekt på særeigenheit enn å sjå ekte ut. Morsomme karakterar. Rik på inntrykk. Minus: Unødvendig (?) bruk av dataanimasjon. Til dels overkarikaterte karakterar (størst problem i første episode). Dom: Hadde ingen forhåpningar til denne etter første episode, men andre gav meg trua på at dette er ein serie som er komen for å bli ei stund.

TV pilotguide #5: Sterke kvinner, svake menn plakat - Filmdagbok