TV pilotguide #6: Canuck of the north

Skriv · · 21. januar 2008

Januar og februar er tida for nye seriar, eg har sett ei håndfull amerikanske som vanleg, men også ein del kanadiske. CBC er eit nettverk som liknar på dei amerikanske når det gjeld sendeflata. Stilen er ganske lik generelt, ikkje fullt så perfeksjonert på alle område, men for det utrente auge er det minimalt å legge merke til. På enkelte område ligg CBC nærmare i originalitet til BBC enn dei amerikanske søstrekanalane. Så for å rette augene mot seriar som kanskje ikkje vil vere blant dei mest aktive på folkemunne i Noreg har eg fokusert utelukkande på kanadisk her.

Sophie

Med sine 22 minuttar glir Sophie inn i komediesjangeren. Ei pen, ung kvinne blir spådd sitt livs verste år innleiingsvis og grunnlaget er lagt. Ho blir snart dumpa av typen til fordel for bestevenninna og ikkje mange dagar seinare føder ho det som skulle ha vore babyen hans, men som med mørk hudfarge må vere ein anna sin. Sophie byr ikkje på dei store latterkulene, men avstår heldigvis frå å køyre på med dårlege vitsar. Det er som om dei prøver å vere litt seriøse med serien, utan heilt få det til å stemme då. Vanskeleg å sette fingeren på noko spesielt, dette er berre altfor midt på treet for min smak.

jPod

jPod er av det litt lengre slaget, omtrent 42 minuttar lange episodar, men likevel kan det reknast som ein komedie. Det handlar om Ethan og kollegaene innan spelutvikling, delvis også familien til Ethan, som består av ei marijuanadyrkande mor, skodespelande far (strengt tatt statist) og ein bror med sansen for eldre kvinner. Humoren har ofte basis i det kriminelle rundt mora sitt miljø eller den seksuelt lada atmosfæren over arbeidsplassen. God som tidsfordriv, men manglar det vesle ekstra for verkeleg å ta av. Er likevel positivt innstilt til at også denne, som Sophie, prøver å gjere meir ut av seg enn å stampe innan ein fastslått sjanger.

The Border

Grensevaktene i Canada har ein del å stri med, blant anna er presset frå USA ganske stort, då dei oppfører seg som ein bøllete storebror i mange av dei seriøse sakene politiavdelinga til grensevaktene får på nakken. The Border starta fint nok den, men i andre episode lyste det klart gjennom at dette er ein av desse oppskriftseriane, der alle episodane starta og slutta på 0, og som passa perfekt i detektimen på NRK. Ingen spesielt interessante karakterar er nok det største minuset, men den politiske vrien som spesielt første episode støtta seg på var faktisk ikkje så dum. Uansett, like greit å styre unna denne.

MVP – The Secret Lives of Hockey Wives

Ein kanadisk serie om ishockey er ikkje den største bomba. Her virka serieskaparane å ha plassert utelukkande modellar i rollane og gjort handlinga like overfladisk som utsjåande. Det luktar parfyrmert såpe, men som såpe glir det lett på huda. Faktisk er det ganske morsomt å sjå kor langt serien blir dratt innan stereotypar og oppbrukte plots, i seriøse forsøk på å skape god tv. Det vil vere å lyge om eg påstår eg ikkje blei litt bitt når andre episode køyrte på for fullt. Mot slutten av andre episode skein likevel den dårlege kvaliteten altfor godt igjennom, ein gong for alle.

TV pilotguide #6: Canuck of the north plakat - Filmdagbok