TV pilotguide #8: The American Way

Skriv · · 3. februar 2008

Terminator: The Sarah Connor Chronicles

Greia med Terminator er at på grunn av moglegheitene for tidreise kan både notida, fortida og framtida forandrast heile tida, dette har gir rom for Terminator: The Sarah Connor Chronicles til å ta plass der Terminator 2: Judgment Day slutta. Serien omhandlar Sarah og John, sistnemnte som ungdom, si stadige flukt frå FBI og farlege robotar. Noko som betyr at serien foregår i relativt høgt tempo og med ein del fiffig action. Favorittkarakteren min blei umiddelbart Cameron (Summer Glau), kombinasjonen tøff og søt har sjeldan glidd så lekkert saman. Ein av dei mest etterlengta sesongpremierane innan seriebransjen innfrir, og eg er ikkje blodsfan av filmane heller! Uansett kva det kan høyres ut som så forvent ikkje nivået til filmane.

Cashmere Mafia

Fire suksessfulle kvinner med forskjellig sivilstatus, New York, menn. Cashmere Mafia er som Sex and the City, berre lengre episodar og overfladisk, men i bunn og grunn same tematikken. Under overflata er serien frykteleg tynn frå første stund av, enkelt og lett å følge med på, men lite rom for ettertanke. Serien har ikkje noko ekstraordniært å by på, Sex and the City står seg ut som både viktigare og djupare, Desperate Housewives som serien også har likheiter med står seg ut som drøyare i andre retninga. Cashmere Mafia er det kvinnelege motstykke til Big Shots (begge ABC, sistnemnte ny i haust), og like unødvendig.

Breaking Bad

Weeds gone wild? 50-årige Walter har to dårlege jobbar, når han får diagnosert lungekreft og to år igjen å leve bestemmer han seg for å nytte kjemikunnskapane sine til å lage crystal meth. Samtidig opplev han ei form for midtlivskrise, utan at distinksjonane mellom problema hans kan skiljast klart. Ut i frå dei to første episodane av Breaking Bad er det vanskeleg å sjå kva dette vil bli for ein serie, den er klar for å tøye grensene, med tanke på handlingsforløp går den berre vidare og gir inntrykk av å vere original nok til å ta sine eigne val, eg blei nysgjerrig nok.

In Treatment

Psykologserien In Treatment kan med fem episodar i veka seiast å vere ei storsatsing frå HBO si side. Kvar dag har sin eigen pasient og serien kviler på kor vidt du finn denne personen interessant, Gabriel Byrne som psykologen er der for å føre pasientane framover og for ikkje å gjere dette til halvtimeslange monologar. Tross mykje snakking blir det ikkje monotont, iallfall ikkje første veka. Strengt tatt burde eg fulgt med i to veker for i heile tatt kunne danne eit ørlite bilde av korleis dette vil fungere, når den tida var gått kunne eg jo også ha kutta ut pasientane som ikkje var interessante nok. Men eg synst dette var interessant, det utgir seg aldri for å vere anna enn samtale mellom pasient og psykolog, på ein smart gjennomført måte. Episoden der Gabriel Byrne sjølv spelar pasient er klart den beste, dette blir fast på planen framover for meg.

TV pilotguide #8: The American Way plakat - Filmdagbok