TV pilotguide I: Sesongpremieretid

Skriv · · 20. september 2006

Det er ei skummel tid eg står ovafor, for det er sesongstart i USA. Ei romsleg neve nye seriar som virkar interessante på eit eller fleire område er å få tak i allereie. Nokon har allereie tjuvstarta, men det er frå og med denne veka at det meste vil dukke opp. Litt generelt om alt følger.

Den nye komiserien The Class er ein av dei seriane eg er usikre på, men som kanskje hadde vore artig å sett. Smith er eg også usikker på: hardbarka action med Ray Liotta, Virginia Madsen og Amy Smart. Kan vere spennande, eller floppe fullstendig. Studio 60 On The Sunset Strip var nemnt i ein artikkel på Dagbladets nettsider, og er vel ein av eg kjem til å skygge unna, eg har nok med How I Met Your Mother, som har komme i gong med sin andre sesong i denne sjangeren. Heroes er ein serie eg har lyst å sjekke ut ved eit seinare tidspunkt, men ikkje mens det går på TV.

Men for ikkje å dra det ut med seriar eg kunne tenke å sjekke ut, så skal eg fatte meg kort. Jericho er den einaste ny serien eg har tenkt å få med meg frå starten av, i tillegg til nokre få andre som eg skal fortsette med frå før. Postapokalypse temaet er eit interessant område, og står ferskt i minne når eg nyleg har sett ferdig første sesong av Jeremiah. Når namnet i tillegg er ganske likt Jericho og Jeremiah, så har vel eigentleg nysgjerrigheiten tatt meir overhånd. Eg vil difor komme tilbake med ein liten oppsummering etter å ha sett første episode, kanskje i løpet av morgondagen allereie.

Av seriane eg fulgte i fjor og i vår, så blir det My Name Is Earl, Smallville, Veronica Mars og Lost som i første omgang er aktuelle. Sistnemnte er den eg er mest usikker på, ettersom store deler av serien til no har vore prega av fillers, og det har irritert meg meir og meir. Desperate Housewives utgår som fast på programmet.

Den totale lista blir då på fem titlar, i tillegg til litt ekstra ved jul og påske av dei eg ikkje ser fast. Hjelp meg berre med ikkje å falle ned i same rytme som i vår, då lista til slutt vart over dobbelt så langt med seriar som Las Vegas, Prison Break, The O.C., Everybody Hates Chris, How I Met Your Mother, med fleire.

TV pilotguide I: Sesongpremieretid plakat - Filmdagbok