TV samlepost #1

Skriv · · 25. april 2006

What About Brian …

… er Barry Watson i rolla som einaste single i vennegjengen. Han blir på den måten personen vennene prøver å skaffe dame til. Noko som kan vere frustrerande for Brian av og til. Men etter å ha sett dei to første episodane virka det som han ikkje er den sta personen, men faktisk gir etter. What About Brian minner meg om den type serie som vanlegvis er 30 minuttars serie, der det er ei evig jakt på den rette, noko som aldri skjer, for då hadde jo serien vore over. På ein måte er dette ein god serie, musikken og humoren er fin, men det er altfor lite humor (for min del) til å vere ein 60 minuttars serie (les: maks 45 minutt). Men ja, det er jo ein dramaserie i utgangspunktet, om kjærleik og forhold og slikt. Så eg let den ligge, i vente av at kritikarar gir ein god grunn til at dette ikkje er ei evig berg- og dalbane, om det skulle skje kan det hende den blir sett i si heilheit seinare.

The New Adventures of Old Christine

Julia Louis-Dreyfus er nok mest kjent for rollen som Elaine frå Seinfeld, men har også dukka opp i fleire TV-seriar, blant anna i ei gjesterolle i Arrested Development (som eg fann veldig artig). Denne serien er blitt sagt å vere det prosjektet som har brote den såkalla Seinfeld-forbannelsen, ettersom det er den første serien der ein tidlegare medlem av Seinfeld har fått suksess. No har eg fått sett berre ein einaste serie, og må innrømme at den har eit langt betre utgangspunkt enn dei evigkjedelege familiesitcom-seriane. Men for meg, som norsk ungdom i starten av 20-åra, er ikkje dette nok til å hekte. Iallfall ikkje etter ein episode. Hadde det vore snakk om ein serie som Rome, så hadde eg vore villig til å gitt den ein rettferdig sjanse til å bevise seg. Men dette er ikkje ein serie med den type historie som det er verdt å involvere seg i.

TV samlepost #1 plakat - Filmdagbok