TV samlepost #10

Skriv · · 5. oktober 2006

Så var både Lost og Veronica Mars på skjermen igjen, og TV-programmet mitt er fastlagt, med forbehold om midlertidige titlar innimellom, som Samurai Chanpuru er no.

Heroes, My Name Is Earl, Lost, Smallville og Veronica Mars er faste på programmet.

Heroes

Denne danka Jericho rimeleg fort av tidsrommet tillagt ein ny serie. Dei som har sett Heroes er vel stort sett samde om at denne serien er blitt utruleg spennande allereie etter to episodar, og kan knapt vente på neste episode. Jericho har ideen, men gjennomføringa var i seinaste laget. Den hadde ikkje den umiddelbare spenninga som greip rundt ein. At den kan vere fin ved ei seinare anledning som samla sesong er godt mogleg, om den får sjansen til å gå så lenge.

My Name Is Earl

Einaste korte serie og komedie på programmet, forventar ikkje anna enn at serien fortset som før. Har visse tvil om kor lenge serien vil klare å holde interessa til det generelle publikummet oppe. Men så lenge nivået held seg stabilt så er eg fornøgd.

Lost

Mysteria på øya fortset, og likevel om serien til tider har pressa på med fillers, så har trangen for å forstå meir vore avhengigheitsskapande nok til at eg ikkje har gitt slepp på denne serien. Den første episoden i den tredje sesongen kjem med delvise forklaringar, og nye spørsmål; lyder dette kjent? Lost er forsåvidt under observasjon; for blir det like dårleg nivå som på det verste i fjor vil den misse tidsrommet sitt hjå meg.

Smallville

Ikkje stort å sei om Smallville. Var rimeleg fornøgd med forrige sesong, og forventar det same av denne. Håpar på litt meir alvor og litt mindre ungdommelegheiter. Og helst ikkje for mykje bruk av spesialeffektar, dei er billege nok som det er, så då er det like greitt om dramaet blir prioritert.

Veronica Mars

Sesongens mest etterlengta serie her i huset. Med ny opningssekvens ser det ut til at Veronica Mars tek steget mot å bli ein meir alvorleg serie, meir stilfull og dyster. Fargebruken er noko endra, og det vitnar om at den uskuldige tiden på high school definitivt er over. Rob Thomas ønskar å gi personane sine ei truverdig utvikling mot å bli vaksne, og eg er heilt med på den tankegongen. Kva som blir dei eller det største utprega mysteriet i denne sesongen er ikkje heilt avklart endå, men sterke hint blir gitt i sesongpremieren. Nye folk er også med i bilde. Wallaces nye romkamerat Piz (legg merke til ansiktet til Veronica første gong ho blir introdusert for han her, namnet uttalast akkurat som piss) er spelt av Chris Lowell som nokon kanskje kjenner frå Life As We Know It.

TV samlepost #10 plakat - Filmdagbok