TV samlepost #11

Skriv · · 14. oktober 2006

Ein liten runde på nye komiseriar har bevist at amerikansk TV aldri stoppar å produsere møl.

30 Rock

Dette er ein av NBC sine nye komiseriar, og den andre nye serien deira som baserar seg på livet bak kulissene på eit TV-show, den første Studio 60 on the Sunset Strip. Med Alec Baldwin i ein av rollane er det sikkert nok putta ein del pengar inn i produksjonen, og håp om suksess. Og eg må sei, dette var jamnt over greitt i forhold til det andre nye på 25-minuttarsfronten eg har sett. Men det er likevel ikkje spesielt bra. Det kan hende det gode humøret mitt frå ein nyleg sett My Name Is Earl-episode gjorde sitt av at eg tykkte dette var artig og.

Twenty Good Years

Eg begynte å lure på om eg hadde satt på rett episode, eller komme borti fjernkontrollen så TV-en hadde hoppa over på TV3 eller TVNorge. Dette er ein drittserie som absolutt ikkje fortenar noko anna enn å gå midt på dagen når ingen vil finne på å sjå det. Etter fem dårlege minuttar måtte eg slå av. Årets verste hittil. Jeffrey Tambor (kjent frå Arrested Development) klarar ikkje redde eit sekund av dette.

The Game

Eg klarte faktisk å fullføre heile første episode av The Game, men lo ikkje ein einaste gong. Og det var tilogmed med eit par pils innanbords, så denne serien stryk glatt. Sorry, Kelsey Grammer, du har laga noko ekte drit her.

Help Me Help You

Denne er faktisk nesten på lik linje med 30 Rock, men har ideen framfor skodespelarane som si sterkaste side. Seriens samlingspunkt er ei terapigruppe med folk som alle har sine spesielle problem, og der gruppeleiaren sjølv er i ei midtlivskrise. No skal eg ikkje skryte opp denne serien heller, for stort sett alt i dette innlegget har vore skuffane på ein eller anna måte, og er ingenting å ta med seg vidare.

TV samlepost #11 plakat - Filmdagbok