TV samlepost #12

Skriv · · 9. desember 2006

Det nærmar seg jul, og dei fleste amerikanske seriane har tatt seg ein pause av ulik lengde. Tross mine store anstrengelsar for å halde seriemengden på eit minimum denne hausten så har det likevel blitt ein del. Dei mest håplause har eg derimot fjerna frå det faste programmet.

My Name Is Earl

My Name Is Earl er eit vanskeleg tilfelle. I første omgang var den interessant på casting-sida og som ide, etter kvart har gløden forsvunne, men på grunn av nokre glimt her og der så fortset eg å sjå på serien. Eg trur to sesongar blir nok.

Heroes

Nykommaren i år som eg set størst pris på er Heroes. Ein serie som har servert episode etter episode med kvalitetsspenning. Eg prøver å oversjå det faktumet at dette er den typiske serien som misser gnisten fort, som med Lost.

Lost

Lost har eg slutta å følge med på fast, og kunne like greitt slutta å følge med på det i det heile. Men ein liten del av meg er interessert i å plukke opp serien og finne ut om noko har skjedd ved jamne mellomrom, for til stadigheit å bli skuffa.

Prison Break

Prison Break er god spenning, men av den typen eg ikkje taklar å sjå ein enkelt episode om gongen. Det kan forklarast med at det skjer litt for lite i ein episode. Difor følger eg ikkje med på denne fast. Kor lenge kan gjengen vere på rømmen? Eg seier ut denne sesongen.

The Office

Etter eg starta å følge med på The Office har serien stort sett hatt pause på TV, men eg kan slå fast at dette for tiden er den komiserien eg er mest interessert i. Kvifor? Kontorhumor er god humor, og her blir den blanda inn i flau og nedsettande samanheng.

Smallville

Smallville er nok den serien eg har fulgt over lengst tid. Forutan The Sopranos som har sine lange pausar. Forrige sesong var storslagen og det skal vanskeleg gjerast å leve opp til den, denne sesongen har hittil berre vore middels.

How I Met Your Mother

New York-situasjonskomeide i retning av Friends. Den tredje og siste serien eg har som eg plukkar opp igjen for maraton ein sjelden gong er How I Met Your Mother. Med episodar på overkant av 20 minuttar tek denne lite plass, og kravet er difor heller ikkje større enn til ein gjennomsnittleg Hollywood-komedie, men det funkar betre enn det.

Veronica Mars

Godbiten må sparast til slutt! Ei omlegging på oppbygginga av mysterier har skjedd, men det ser ut til å fungere perfekt, og eg er uansett forventingar overraska over at serien har holdt seg så stabilt bra. I fjor blei det mykje å halde styr på, og fleire sider ved historien gjekk bort undervegs, men her har crewet skapt ein fin balanse. Eg har absolutt ingen ting å utsette på Veronica Mars.

TV samlepost #12 plakat - Filmdagbok