TV samlepost #13

Skriv · · 3. januar 2007

Nokre titlar frå tv-serie lista har blitt fjerna, og vil ikkje få sitt sedvanlege innlegg ved sesongslutt til våren (eventuelt tidlegare).

Lost

No er det nok! Etter å ha vurdert det i jula har eg beslutta å gi opp Lost. Serien var knakande god ein periode, som nok er grunnen til at eg har fulgt den vidare gjennom tynt og tynt. Informer meg undervegs, for eg kjem ikkje til å bruke 45 minuttar annakvar veke på å skape frustrasjon for meg sjølv.

My Name Is Earl

My Name Is Earl er middels artig. I starten var det kanskje ikkje meir enn middels artig heller, med eit par veldig gode episodar her og der. Men det var i det minste nytt den gongen. No er ikkje karakterane spesielt interessante lengre, og eg kan ikkje sjå for meg at serien blir fornya etter sesong 2.

Prison Break

Nokon vil nok fnyse når eg vel bort denne, og sit igjen med både Smallville og How I Met Your Mother. Tingen er at eg ikkje har tålmodigheit til å følge Prison Break lengre, og gir eg like godt no. Men eg er framleis interessert i korleis ting vil gå, så kontakt meg om eit par år når dei har fått slått nok om seg.

The Singing Detective

Eg kjøpte The Singing Detective på DVD like før jul og såg verkeleg fram til ei ekte kvalitetsstund, for så å bli skuffa og kjede meg gjennom tre episodar før det sa stopp. Vel, delvis interessant var det jo, og humoren var på plass, men det skjedde aldri nok til at eg kunne bry meg meir.

TV samlepost #13 plakat - Filmdagbok