TV samlepost #14

Skriv · · 20. januar 2007

Det morsomste fra Trond-Viggo

Fredag 12. januar besøkte Trond-Viggo Torgersen Studentersamfundet i Trondheim, og underteikna hadde kjøpt billett og fekk ein god plass midt i forsamlinga. Det heile var lagt opp som ein spørjetime (eller to), der publikum fekk sjanse til å spørje Trond-Viggo Torgersen og gjesten Linn Skåber om absolutt alt. Reint bortsett frå at dei som turte å opne kjeften for ei så stor forsamling kom med svake spørsmål, så var det veldig morosamt. Trond-Viggo Torgersen drog sjølvsagt i gong eit par gode, gamle songar og. Men det eg eigentleg skulle fram til, var at eg har sett gjennom den to timar lange DVDen Det morsomste fra Trond-Viggo. Den hadde få lyspunkt, og er mest prega av høg repetisjonsfaktor og humor som slettes ikkje er min eller min generasjon sin smak.

Psych

… er tilbake med niande episode av første sesong som tok pause tilbake i slutten av august. I denne episoden dukkar Kurtwood Smith opp i ei god gjesterolle som ein alzheimerramma eks-politibetjent som meinar han har funne svaret på ei mordgåte, men sjølvsagt ikkje hugsar. Psych fortset i det gode sporet som før, og det merkast ingen kvalitetsforskjell. Velkommen tilbake!

Quack Pack

For å fylle siste del av dette innlegget blir det mimring med Ole, Dole, Doffen og Donald frå Disney Channels Quack Pack. Ein morosam serie med tanke på alle b-film elementa som blir brukt. Dei to beste episodane eg har fått med meg nyleg når eg har hatt litt god tid på morgonen før forelesing og slikt, omhandlar ein ond doktor, stasjonert i eit hemmeleg laboratiorium under bakken, viss plan er å grille jordoverflata ved å sende ut ein rakett med eit gigantisk forstørringsglas. I den andre episoden blir Andeby herja av eit stort, 10-etasjars høgt slimete monster, som oppstod når eit lyn slo ned i Ole, Dole og Doffens imaginære tasty paste fabrikk - ei slags grøn avhengigheitsskapande grautmasse.

TV samlepost #14 plakat - Filmdagbok