TV samlepost #15

Skriv · · 29. januar 2007

I Pity The Fool

Kanskje Mr. T si mest kjente frase, i tillegg til jibba jabba, har blitt tittelen for det som best kan beskrivast som eit realityprogram. Med oppstart hausten 2006 har det hittil blitt laga seks episodar, av dei har eg sett tre stykk: Motivation, Unity og Respect. I rolla som ein slags Phil McGraw ute i felten hjelper Mr. T folk i bedrifter, institusjonar og familiar med ulike problem. Med ein solid dose humor i form av svært overdrevne situasjonar, og sjølvsagt i form av Mr. T som person blir dette noko av det lågkvalitetsreality eg har sett.

Twin Peaks sesong 2 del 1

Eit fullstendig innlegg på denne sesongen kjem ikkje før ut i april ein gong, men her er ein midlertidig refleksjon på første halvdel av sesongen. For sidan det har seg at sesongen blir utgitt i to omgongar, så har det no berre gått an å sjå dei 11 første episodane. Ein grei måte å ordne det på i grunn, slik at det ikkje blir for mykje på ein gong. To dagar før den eigentleg utgivelsesdatoen er eg altså ferdig med DVD-boksen, takka vere PlayX sin tidlege utsending. Twin Peaks held fram med det mystiske i ein draumeliknande setting, og det er med glede eg kan sei at eg likssom forsvann litt inn i serien etter kvart, og med små rykk merka at eg hadde gløymt alt rundt meg.

Ugly Betty

Ein amerikansk versjon av ein columbiansk idé fekk prøve seg på skjermen her. Me snakkar om 11 episodar med folkeleg, jordnær komedie i Ugly Betty. Serien vil fortsette med fleire, det er ikkje snakk om ein slutt, men eg tenker å gi meg her. Eg føler eg har fått akkurat nok og at serien vidare vil repere seg sjølv med små endringar utover. Ikkje verdens undergong med tanke på at oppskrifta er god, og i havet blant dramaseriar er det kjekt å finne ei sopass seriøst, og likevel uhøgtidleg lita øy.

TV samlepost #15 plakat - Filmdagbok