TV samlepost #16

Skriv · · 17. februar 2007

Lite aktivitet på sida her i det siste har ført til at eg har skrive eit innlegg om ymse tv-seriar, ettersom det nok blir eit par dagar til eg kjem med eit filminnlegg. Greia er at bortsett frå innleiande serie, så er det tankar omkring seriar som eg held på med som vil ta plass her. Årsaka ligg i at det har blitt lite nytt på tv-fronten i det siste.

The Sarah Silverman Program

Jesus er magisk i følge Sarah Silverman: Jesus Is Magic, det er ikkje den nyleg oppstarta komiserien til Sarah Silverman. Ord på forumet til Yay Hooray lyder som at ho prøver for hardt. Eg synst ho prøver for litt for lite å vere morosam, i form av at ho har bomma på det som skal til i ein komiserie. No er ikkje The Sarah Silverman Program reinvaska for gode innslag, noko dukkar det opp her og der. På spørsmålet om det er verdt å følge med på i lengden vil eg sei nei. For meg var to episodar nok.

Top Gear

Jeremy Clarkson, James May og Richard Hammond er i gong igjen med bilprogrammet Top Gear for niande gong. Det var jo ein periode utvisst omkring situasjonen til etter eit solid krasj, men alt ser ut til å vere ved sitt gamle igjen no. Dette betyr sjølvsagt at det blir levert kvalitet frå øverste hylle. Som i tredje program, då mennene kjøper seg billeg bruktbil i Florida til tusen amerikanske dollar, og legg ut på road trip til New Orleans, med sprø utfordringar på vegen som å køyre gjennom Alabama med påmåla slagord som Nascar sucks og Hillary Clinton for president.

Smallville

Eg hadde pause med kryponittpåverka problemskaparar inntil nyleg, som betydde seks episodar i strekk. Årsaka var den at serien dabba litt av i byrjinga av sesongen, og eg måtte få ein solid samla dose for å få ny giv. Det skadar ikkje at episode 10 til og med 15 var gode heller i Smallville-samanheng. Den svært så etterlengta kontroversen mellom Clark Kent og Lex Luthor har forma seg bra no, etter mange sesongar med gradvis forverring av vennskapet. For dei som ikkje har sett serien: den tek altså ein anna vri enn teikneserie og film. Mørke tider i slike seriar er alltid bra!

TV samlepost #16 plakat - Filmdagbok