TV samlepost #17: Pilot

Skriv · · 28. februar 2007

Me er inne i ein periode med pilotepisode etter pilotepisode, og eg har sett litt av det nye. I tillegg har eg gått tilbake til 2005 og børsta støvet av The Triangle, men eg kom ikkje langt.

The Black Donnellys

NBC satsar med ferskt materiale i desse tider, og The Black Donnellys dukkar opp i den forbindelsen. Serien skildrar oppstarten av eit kriminelt syndikat. Kor stort eller omfattande dette kan blir er vanskeleg å sei, første episode gav ikkje så mange teikn til om det blir noko stort, eller berre virrvarr i eit italiensk og eit irsk nabolag. På gangstersida står uansett The Sopranos sterkt nok åleine. Som pilotepisode var ikkje dette godt nok, den klarte ikkje å interessere meg. Samt den er for rask med å gjere store dramatiske ting ut av karakterane sine, endå ein ikkje kjenner dei godt nok til eigentleg å bry seg.

The Dresden Files

Å angripe ein serie med blanke ark kan straffe seg. Det einaste eg visste om denne serien var at den blanda grøssar, mysterium og science fiction og at plakaten var stilig. Tittelen hintar til etterforskingssjangeren. Men The Dresden Files var ikkje noko spesielt god heller. Freelancertrollmannen Harry Blackstone Copperfield Dresden hjelper både politi og vanlege med overnaturlege saker. Serien er veldig lik Psych på den måten, og reint bortsett frå at det er snakk om ekte overnaturleg motstand her (mot Psych si likssomsynsksheit) så er det ingenting å hente.

Primeval

Britiske ITV har laga ein knallbra serie! Vel, dei har kanskje laga fleire, men no snakkar eg om nyleg. Primeval slo an frå første minutt. Dinosaurar, tidshol og ytterst interessante karakterar i eit spenningsfylt eventyr. Nydelege bildekomposisjonar. Her er det mykje godt, tilogmed dei animerte dinosaurane er ok gjennomført til å blende inn. Også god britisk humor då, ingen ting sler det. Eg har funne ein serie eg definitivt kjem til å følge med på vidare.

Rules of Engagement

Ikkje alt har eg trua på før eg trykker play, spesielt halvtimeskomediar er eg skeptisk til. Men er det rart? Mykje er jo kumøkk! Oftast kan dette vere einaste måten å oppdage noko nytt på. Frå førehandsdømming til sakleg dømming, Rules of Engagement er ikkje verst. Eg blei positivt overraska over at serien var middels grei. Ingenting nytt her, og ingenting eg vil følge med på vidare, men første episode gav meg ein god latter. Betre enn det som går på TVNorge på ettermiddagen og.

The Triangle

Om ingen overtalar meg til å sjå meir enn dei 45 minuttane av første episode som eg såg, så blir det stopp for denne serien. Syfy laga i 2005 ein miniserie på tre gonger 90 minuttar om mysteriet i Bermudatriangelet, der eit team med profesjonelle aktørar innan ulike fagfelt fekk i oppdrag av ein rik skipsmagnat i å finne eit definitivt svar på kva som forårsakar forsvinningane i triangelet. Grunnen til at eg ikkje kom lengre enn med å sjå dei første 45 minuttane var at eg blei avbroten der, og aldri fekk lyst til å sjå noko meir etter det. The Triangle føles tvers igjennom billeg frå setting til casting, sjølv om eg gjerne skulle likt ein idé som omfattar Bermudatriangelet til å fungere, det er jo eit godt grunnlag for skikkeleg mystikk.

TV samlepost #17: Pilot plakat - Filmdagbok