TV samlepost #18: Pilot

Skriv · · 16. mars 2007

The Riches

Sigøynerfamilien Malloy kjem i trøbbel med sjefen i sigøynerleiren, rømmer sin veg og drep uheldigvis eit par i ein BMW på vegen. Folka i BMW-en viser seg å vere på veg til sitt nye hus i eit nabolag der ingen kjenner dei, og herr Malloy (Eddie Izzard) grip sjansen i å starte eit nytt liv med blanke ark.

Sigøynerfamilie i eit rikt nabolag, det høyres nesten litt artig ut. Første episode har så mykje historie å fortelje at det er vanskeleg å sjå om dette vil fortsette som eit drama som det her gir seg ut for å vere, eller om det blir av typen humor Desperate Housewives serverar. Småkjedeleg var iallfall denne episoden.

Raines

Jeff Goldblum har som fleire andre middelaldrande skodespelarar den siste tida bevega seg frå filmen til tv. Som privatetterforskar Raines, ein person med så sterk fantasi at han ser for seg avdøde, løyser han saker ei eit sterkt film noir-prega tv-miljø. Alt i frå musikken, via plakatar på veggene til karakterane er tydeleg inspirerert frå gamle klassikarar.

Eg er ikkje veldig glad i politietterforskingsseriar. Likevel er Raines kult innimellom. Jeff Goldblum passar bra som eksentrisk, men smart politimann med tørr, tørr humor. I ein serie som verken er House M.D. i politiuniform eller Ghost Whisperer med meining. Serien klarar faktisk å skilje seg litt ut. Litt.

Andy Barker P.I.

NBC satsar på etterforskarar for tiden, her og er det tydelege spor etter film-noir inspirasjon, men meir som humoristisk referanse og mot neo noir som Chinatown. Andy Barker, spelt av Andy Richter, er nyttoppstarta med eiga rekneskapsbedrift, men får brått ei etterforskingssak rett i fanget, ettersom den forrige leigaren av kontorlokalet var privatetteforskar. Han tek på seg saka og finn ut at dette er tingen. Med seg har han videoutleigaren i etasjen under, spelt av Tony Hale frå Arrested Development. Andy Barker P.I. er ingenting meir enn idiotisk humor, men av den type idiotisk som faktisk fell i smak her i gården. Eg trur dette kan bli ein festleg 30-minuttars komiserie framover.

October Road

Ti år etter Nick forlot heimbyen sin utan ei einaste forklaring til vennene, kjem han tilbake som bestselgande forfattar av ei bok med karakterar basert på dei gamle vennene sine satt i dårleg lys. Med mange skuffa og sinte personar i møte vel han likevel å vende tilbake. Om denne serien har meir i vente framover enn vanleg drama er vanskeleg å sei, for første episode virka å ta seg av dei største og hardaste møta han må gjere. Som ekskjærast og bestevenner. Ikkje for å seie at eit småbydrama er dårleg, eg kan lære å like både karakterane og miljøet som er grunnlaget for denne serien. Tanken om at dette likevel vil vere anna enn langsomt å gi seg i gong med pressar derimot så mykje på at October Road er ute av bildet for denne gong.

TV samlepost #18: Pilot plakat - Filmdagbok