TV samlepost #19: Pilot igjen

Skriv · · 14. april 2007

Det har blitt litt ymse sidan forrige samlepost, og eg hadde eigentleg nok nye inntrykk og seriar til å lage ein her for ei stund sidan. Kvaliteten var derimot laber på desse seriane, som inkluderar Halfway Home, nok ein Comedy Central liksomreality, ein anna eg ikkje hugsar eller klarar å finne igjen namnet på, og ein double crossover med Las Vegas og Crossing Jordan frå 2005.

Sidan ingenting av det var av særleg interesse venta eg heller på at noko nytt skulle dukke opp, som den nye serien til Nathan Fillion.

Drive

I denne nysatsinga av FOX har Nathan Fillion igjen komme tilbake til tv-skjermen. Sist gong han gjorde eit større rolle i dette formatet var i science fiction-western Firefly, og i mellomtiden har han gjort filmar som Serenity og Slither. Men nok om Nathan Fillion. Drive handlar om eit undergrunns billøp utan reglar, der ei gruppe meir eller mindre tilfeldig utvalte har blitt kontakta og får sjansen til å vinne 32 millionar amerikanske dollar. Utan reglar betyr skitne triks frå både arrangøren og deltakarane si side.

Forutan å virke litt enkel og forhasta i produksjonen legg ikkje Drive skjul på at det er fart og spenning som er det viktige her, og på det viset klarar serien å levere. Forvent ikkje anna, og dette er rett fram enkel moro.

Painkiller Jane

Syfy satsa på Kristanna Loken som Jane i denne teikneserieadapsjonen som nyleg har starta opp. Det funka ikkje heilt som tv-serie for min del, det virka rett og slett platt. Mykje fart er det her og, men av den typen som prøver å skjule noko. Dette noko kan vere dei utruleg hule karakterane, det kan vere mykje av det andre som dukkar opp på skjermen. Uansett var det tamt nok til at eg sovna dei siste 10 minuttane. Eg står over vidare forklaring om kva dette handlar av nettopp den årsaka.

Så blei det berre ein god serie i samleposten likevel, Drive. Og då bør ein vere litt bilinteressert.

TV samlepost #19: Pilot igjen plakat - Filmdagbok