TV samlepost #2

Skriv · · 12. mai 2006

The Colbert Report

Etter ei 60 Minutes-sending med Stephen Colbert på gjestelista, fekk eg lyst til å sjekke ut programmet sjølv, for å sjå om det faktisk var like artig som eg fekk inntrykk av gjennom 60 Minutes. Etter programmet sit eg ikkje akkurat igjen med inntrykk av å ha blitt lurt, for det verka som god og intelligent humor. Men eg er lite oppdatert på amerikansk politikk, så det var berre dei største politiske sakene eg skjønte humoren til. Likevel kan eg godt tenke meg å sjekke ut eit program seinare igjen, for dette er uansett mykje betre enn Late Show ditt og Night Show datt.

The Simpsons

Vanlegvis ser eg ikkje på The Simpsons, eller eg har iallfall ikkje gjort det på ei stund. Men for ikkje lenge sidan såg eg episode 17, frå den 17. sesongen. Kort fortalt handla episoden om MacGyver og outsourcing. Derav den første delen er den som gjer episoden mest interessant. Søstrene til Marge held ein MacGyver-convention, då Richard Dean Anderson snubla innom, det viser seg derimot at han er på veg til ein Stargate SG-1-convention. Søstrene til Marge bestemmer difor seg for å kidnappe Richard Dean Anderson.

Criminal Minds

Har sett på denne serien innimellom, på TV 2 etter nyttår, og har funne ut at den ikkje er så aller verst. Eit par episodar har nok vore skuffande, og litt vel forutsigbare, men bortsett frå det er det interessant å sjå på. Dette i form av dei gode karakterane, og humoren som kjem av at nokon er veldig smarte, og litt spesielle. Mandy Patinkin er min favorittskodespelar i serien, og er nesten like autoritær som i Dead Like Me, men hakket meir realistisk. Apropos realistisk, så vil eg trekke trådar til ein anna etterforskingsserie, CSI. Har aldri sett denne, men heller ein parodi laga av Mad TV, og har fått inntrykk av at dei har nokon vanvittig detaljerte hypotesar. Føler ikkje at Criminal Minds har spedd på med så mykje av dette, og at dei er meir jordnære. Kan dette stemme?

TV samlepost #2 plakat - Filmdagbok