TV samlepost #20: Revurdert

Skriv · · 18. april 2007

Drive

Viss eg i heile tatt gav inntrykk om at denne serien var verdt å bruke tid på trekk eg orda mine frå forrige samlepost tilbake. Drive er eit stykke dårleg samansatt ingenting utan spenning eller fart som ein serie om eit billøp bør ha. Rollefigurane er todimensjonale tross eit par forklarande flashbacks. Om dette likevel er ein serie som har fanga interessa via andre kanalar skal eg rose den sopass at den ikkje har faste, poenglause tilbakeblikk lik Lost sine.

Og så litt nytt…

Superstorm

Eg kopierar det eg skreiv i Filmantrop-forumet om Superstorm: For folk som er interessert i effektane av klimaendringar brukt for å skape fiksjonsserie med grunnlag er denne nyoppstarta serien frå BBC verdt å sjekke ut. Det skal sendast tre episodar, kvar på 60 min. Starten kan minne litt om The Triangle frå Syfy, der ei gruppe ekspertar på sine felt blir innkalla for å løyse eit oppdrag. Her er alle ekspertar innan felt knytta til vær og vind, og oppgåva deira blir å finne ut ein måte å kontrollere storm/orkan på. Ok, kanskje litt fjernt, men godt gjennomført. Eg tenkte umiddelbart på The State Within, men ikkje fullt så politisk. Det er forøvrig dei same folka som står bak denne serien som også laga Supervolcano.

The Tudors

Historisk drama på Showtime. Jonathan Rhys Meyers spelar Kong Henry VIII i ein serie med indre og ytre konfliktar rundt det britiske kongehuset. Det heile startar litt sløvt, og minna meg såleis om Rome. Det betyr ingenting for det som skjer vidare, men viser kanskje meir at det er eit tungt tema å gripe fatt i, for her er det tydlegvis mykje historie. Plass blir det også til flotte sexscener, ikkje eksplisitte då. Eg trur dette kan bli eit interessant foretag vidare, for i tillegg til Jonathan Rhys Meyers blir både Sam Neill og Henry Czerny faste på rollelista, og Sam Neill var i sitt rette ess i den første episoden.

TV samlepost #20: Revurdert plakat - Filmdagbok