TV samlepost #21

Skriv · · 8. juni 2007

Afro Samurai

For å gi eit bilde av potensialet til serien er eg nødt til å droppe eit par namn: Samuel L. Jackson og Ron Perlman har stemmer i den engelske versjonen eg såg. The RZA står for lydsporet. Serien er nydeleg animert, veldig detaljert og tydeleg, og full av fart. Karikaturar på vanlege animefigurar er tilstades og gir folk å knytte seg til. Det meste er i grunn fint med denne serien, heilt til det kjem til historieformidlinga. Afro Samurai kavar etter å få plassert årsakene til all slossing og ein god tråd gjennom. Det er fullt forståeleg det som skjer, men er for overfladisk til at eg blir vidare interessert. Det holdt med første av dei fem episodane som utgjer denne miniserien.

The Larry Sanders Show

Ein serie med lang fartstid på HBO frå 1992 til 1998 som kan minne om ei blanding av Seinfeld og Curb Your Enthusiasm (utan å trekke parallellar til Larry David spesifikk). Første episode var morsom i og for seg, men konseptet freista ikkje så mykje for tida. Me følger ein komikar med eit talkshow framfor og bak kamera, og dei relativt små problema han måtte støyte på. Dette er ein 30-minuttars serie, sjanger komedie og drama, utan latterboks eller fast publikum. Er ein på jakt etter noko som gir inntrykk av å vere smartare enn det eigentleg er, så vil eg tru (etter å ha sett ein episode) at dette er serien.

Hidden Palms

Ny serie på The CW no i sommar. Eg har sett to episodar, men ikkje heilt bestemt meg for om eg vil sjå meir eller ikkje. Dette er tenåringssåpe lik The O.C., utan humoren. Eigentleg ingenting nytt å hente, men eg er ein sucker for drama, så dette er heilt kurant sommar-tv. Johnny har akkurat flytta inn i eit fint nabolag i Palm Springs, der ikkje alt er så idyllisk som på overflata. Han har sine demonar å halde i sjakk, og møter typisk nok utfordringar frå jamnaldrande. Hidden Palms hekta meg på den underliggande mystikken omkring skjebna til Eddie, som budde i huset tidlegare, men går litt sakte framover.

TV samlepost #21 plakat - Filmdagbok