TV samlepost #22: Kyllingkrig, presidentar og svindel

Skriv · · 26. juni 2007

Robot Chicken Star Wars Special

Seth Green og Matthew Senreich er tydeleg fans av Star Wars til den grad at dei har satt saman ein heil episode av Robot Chicken med Star Wars-materiale åleine. Noko er brukt før, men det er og ein del nytt her. Ei fin blanding av hyllest og kritikk, spesialen er langt i frå einsidig, men alltid morosam. Det varierar frå enkel humor til slikt som berre dei innvia i fanbasen vil forstå.

Lil' Bush: Resident of the United States

Comedy Central har det med å få til animerte seriar som gjer narr av politikk og anna, eg siktar no mest til South Park. Denne nye serien er meir spesfikk og bevegar seg inn igjen på eit område som tidlegare har vorte besøkt av nettopp folka bak South Park. Lil’ Bush omhandlar den amerikanske presidenten i barnekropp, samt vennene hans: Lil' Cheney med fleire. Serien er drøy, men morosam. Som når Lil' Bush vil gi ein irakisk unge som farsdagsgåve til George senior, men Lil' Jeb drep han og alle ler av hendelsen. Morsomt fordi det er altfor drøyt. Som vidare kan bli trøyttande. Ser ein forbi desse morsomheitene er ikkje serien særleg djup. Den tek opp aktuelle og eldre saker og standpunkt, men manglar kritikken bak tullinga.

Hustle

Eit krimdrama frå BBC. Ei glorifisering av storsvindlarar. Eit team av profesjonelle går saman om å utføre større svindlar, med politiet hengande over seg må dette utførast på skikkeleg vis. Alle bitane må vere på plass for at det skal virke truverdig for den som blir svindla. Serien er ikkje spesielt original eller realtistisk, heller rimeleg overfladisk. Det blir spelt på stil og vendingar i massevis, og ligg til rette for å lure sjåaren òg. Heilt kurant om ein vil ha avsluttande episodar, men ikkje noko djupare utover dette om eg skal tolke pilotepisoden. Likevel noko av det betre eg har sett i rekka av seriar med avsluttande episodar. Om heilt min type serie.

TV samlepost #22: Kyllingkrig, presidentar og svindel plakat - Filmdagbok