TV samlepost #23: Retroshock

Skriv · · 16. juli 2007

Eerie, Indiana

Dei rundt 20 år hugsar kanskje denne frå barndommen, eg gjer iallfall, om ikkje anna enn knapt før eg nyleg såg igjen første episode. Familien til Marshall, ein alltid merksam og skeptisk gutunge, har flytta til Eerie. Her ser tilsynelatande alt (altfor) normalt ut på overflata, men under loket kokar mysteria. Serien kan minne om Are You Afraid of the Dark?, men har fast hovudperson, med følge av ein yngre partner. Korleis var gjensynet? Overraskande betre enn forventa. Dette er ikkje verdas beste tv, og nostalgieffekten spelar nok inn, men absolutt godkjent. Likevel vil eg nok ikkje sjå heile serien.

Are You Afraid of the Dark?

Ein anna mystifistisk serie som gjekk på NRK når eg var yngre var denne, der ei gruppe ungar samlar seg rundt leirbålet for å fortelje skrekkhistoriar. Spesielt opningssekvensen har satt sine spor, men historiane var skumle nok dei og altså. Gjensynet bar preg av at verken skodespelarar eller oppbygging prøver å bevise noko ovanfor mi kritiske sans. Stemninga vil nok gi den yngre creeps heile vegen, kudos for det. Faktisk så skvatt eg ein gong i episoden eg såg (The Tale of the Lonely Ghost), og det er ikkje dårleg! Dette må jo vere eit skrekkmekka for den yngre generasjon!

The Twilight Zone

I retrosamanheng er denne delen av innlegget juks. Eg har verken tidlegare erfaringar med den eller tidlegare sendte rundar av The Twilight Zone, men det at serien har ei historie snik den til ein plass her. Eg har sett ein episode av versjonen frå 2002 med Forest Whitaker som vert. Historiane er mørkare enn i dei to overnemnte seriane, og tydeleg retta mot litt eldre ungdom. Med ein slik serie er det ikkje lett å dømme ut i frå ein enkelt episode. Eg såg ein som var heilt OK, verken meir eller mindre, ut i frå målsgruppa å dømme, sjølvsagt.

Happy Days

I tv-miljøet er sitcomen som gjekk frå 1974 til 1984 ein av dei betre kjente amerikanske seriane frå perioden. Ikkje minst fordi serien la grunnlag for omgrep som stadig blir brukt i dagens tv. Derav jumping the shark, Chuck Cunningham syndrome og the Fonzie effect. Serien er ein idealisert versjon av USA på seint 1950-tal og dreiar seg mykje omkring kjernefamilien, ungdommar med bilar og denslags. På meg virka Happy Days utdatert med puslete vitsar, men reint bortsett frå dette har serien eit nesten-potensiale.

TV samlepost #23: Retroshock plakat - Filmdagbok