TV samlepost #24: Den amerikanske TV-hausten

Skriv · · 11. september 2008

I år har eg ingen planar om å få med meg kva alt det nye er, slik som føregåande år. Eg har gitt True Blood, den nye serien til Alan BallHBO ein sjanse og det same med J.J. Abrams nye FOX-sendte Fringe, men det ser ut til å bli alt inntil Joss Whedon dukkar opp over nyttår med Dollhouse. Tråden her er altså godt etablerte tv-produsentar, eventuelt creators.

Streiken i fjor vinter har vore, for å overdrive litt, katastrofal for pilotsesongen, trass i nye seriar er det langt i frå som vanleg denne hausten. Usikre seriar frå i fjor fekk større sjanse til å overleve byrjinga av nok ein sesong, Terminator: The Sarah Connor Chronicles er utvilsomt ein av dei seriane som streiken har vore ein positiv faktor for, ikkje fordi det er ein dårleg serie, men fordi det er ein av dei seriane som ikkje når ut til så mange som FOX vil.

I haust har eg tenkt å følge med på følgande seriar:

Fringe. Anna Torv, Joshua Jackson og John Noble blir teamet som skal forske på uforklarlege fenomen, litt X-Files, litt Lost. Eg håpar denne serien vil kunne løyse trådar undervegs og bli ein håndterleg serie der enkeltepisodane vil vere fullkomne pluss at me følger ein større tråd som ikkje slit under tidspress frå sjåaren si side om å bli løyst, eg håpar kanskje først og fremst på at karakterane etterkvart vil komme under huda, og synst eigentleg første episode lover bra alt i alt.

Terminator: The Sarah Connor Chronicles. Uansett kor gøy denne serien i blant kan vere er eg smått skeptisk til framtida, inntil vidare har eg ingenting i mot å følge Thomas Dekker, Lena Headey og Summer Glau i kampen mot den framtidige krigen. Ikkje alle episodane gir så mykje, men i det lange er det ei spennande utvikling som skjer her.

True Blood. Alan Balls nye HBO-serie, mannen bak Six Feet Under veit kva han driv med og har laga ein ufatteleg stilig serie om eit samfunn der vampyrar har stått fram og stadfesta sin eksistens. Eg kallar serien stilig på grunnlag av at første episode i HBO-samanheng ofte gir eit veldig godt bilde av kva serien vil bli. Anna Paquin har fått det ultrasexy namnet Sookie Stackhouse og jobbar som servitrise på ei kro, ho har emne til å lese tankane til folk. Kombinasjonen overnaturlege element og tilsynelatande enkelt miljø bunnar ut i ein spissfindig serie med mørk undertone. Gav meg tidvis frysningar.

How I Met Your Mother. Denne går etterkvart på autopilot, synst den stadig er morosam, den er ikkje heilt på topp, men ser fram til å bruke litt tid på den no og då.

Smallville. Er skeptisk til denne, serien har aldri vore noko vinnar, men det er serien eg har fulgt lengst med på ved sidan av avslutta The Sopranos, har difor eit anna forhold til Smallville og stille ikkje så høge krav, men no har dei drive på veldig lenge og Michael Rosenbaum, kjent som Lex Luhtor, har bestemt seg for å slutte, det er ikkje bra.

Gossip Girl. Har allereie starta opp, to episodar er gått og det ser ut til å halde linja frå første sesong utan å kjempe hardt for å bli noko det ikkje er, eg er alltid på ekstra vakt med denne serien ettersom Josh Schwartz dreit ut The O.C.. Finfint tenåringsdrama i grunn, den virka å ha mange trådar å bygge på utover, og einaste kravet eg stiller er at det er litt fart i serien, utvikling kan ein sei.

Entourage. What to say? Heile første episode av femte sesong blei brukt for å køyre i gong igjen det som virka å bli det vanlege Entourage, ser fram til denne.

The Office. Eg er glad i karakterane på kontoret, Steve Carell har blitt eit namn eg følger ekstra godt med på, men alle seriar har si levetid og det er kanskje på tide at The Office stenger for dagen. Litt av skepsismen rundt kva framtida har å bringe kan grunnast i den ujamne forrige sesongen, med nokre lange episodar som ikkje passa konseptet og stoppen streiken satte for flyten. Når NBC køyrer på med ein lang episode som hausten sin første må eg ha lov til å stille meg kritisk. Framleis morosamt altså, men stordomstida er definitivt forbi.

Burn Notice. Nokre episodar ut i andre sesong gir eg opp denne. Det er altfor standardisert blitt. Kanskje den aldri var noko betre, i sofall er det mengden som har satt sine stoppar for min del.

TV samlepost #24: Den amerikanske TV-hausten plakat - Filmdagbok