TV samlepost #3

Skriv · · 8. juli 2006

The Dudesons

Konseptet er langt frå nytt, for The Dudesons er ei Jackass-klone som nettopp har starta på Spike TV. Programmet er altså amerikansk, mens personane er finske og stunta foregår i Finland. Det blir påstått at The Dudesons har drive på med dette lenge, og var først ute, men det har eigentleg ingenting å sei. Dette er moro. Nokon av stunta er hysteriske, andre berre sjuke. I første episode dukkar også Bam Margera og The Bloodhound Gang opp. Så om du likar Jackass, er The Dudesons å anbefale. Men eg trur aldri eg hadde klart å sett det på TV med 4 reklamepausar i løpet av ein halvtime, det er sjukt. På grunn av dette går diverre ein del av dei 20 minuttane med sending med til etter-pausen reklame og anna tull.

Blade The Series

Basert på Marvel sin teikneserie, akkurat som filmane, er det lagt opp til action i same stil som med Wesley Snipes. Men det er ikkje Wesley Snipes her, heller Kirk ‘Sticky Fingaz’ Jones. Første episode er ganske lang, ein time og 30 minuttar utan reklame, og fungerar dermed som ein film. Den fungerar mykje som ein introduksjon til rollefigurane og den vidare handlinga i serien, og har nok av slåsscener med middels og dårleg dataanimasjon. Eg likte aldri filmane, så det var vel meir fordi eg hadde lite å gjere på eg satte meg ned med dette. Og no veit eg iallfall kva eg vil gå glipp av framover.

TV samlepost #3 plakat - Filmdagbok