TV samlepost #5

Skriv · · 9. august 2006

James May’s Top Toys

James May er i vinden som aldri før,akkurat ferdig med ein sesong Top Gear, og snart på farten igjen med bil- og vinprogrammet Oz & James Big Wine Adventure. I dette programmet er det leikar han tek for seg, og då ut frå eit personleg perspektiv. Alt frå Hornby modelltog til Meccano, historie og intervju i 55 minuttar.

Time Trumpet

Nok eit aktualitetsprogram frå BBC, men denne gong med ein vri. For i Time Trumpet ser dei ikkje på dagens nyheiter eller vekas hendingar, men på det som skjedde for 30 år sidan, om 30 år. Det er med andre ord duka for ein litt meir intelligent, eller kanskje sær, humor, når ein får intervju med både kjente (uekte framtidsversjonar av kjente folk) og ukjente om tiden rundt 2006–2007. Her er det mykje moro tull og tøv.

Knights Of Prosperity

Ta ei gruppe med sosiale taparar og ei pen servitørdame, lat dei planlegge eit ran av Mick Jagger si leiligheit, og du har ein spesiell, men morosam, komedie. Ingen kjente ansikt her, ingen skodespelarar som utmerka seg i ein klasse for seg sjølv heller, men kjekkare karakterar skal ein leite lenge etter. Det er ofte dei same type folka som dukkar opp i amerikansk komedie, her er det normale folk, iallfall ser det slik ut. Første episode i ein serie på… fleire. Eg vil nok sjekke ut korleis dette går.

TV samlepost #5 plakat - Filmdagbok