TV samlepost #6

Skriv · · 16. september 2006

American Dad

For dei som ikkje kjenner til American Dad, så er det ein serie som har fleire likskapstrekk med både Family Guy og The Simpsons. Hovudsakleg i at det handlar om ein amerikansk familie, er i animert form og elskar å gjere narr av amerikansk skikk og politikk. På mange måtar går American Dad hakket lengre enn dei to andre nemnte seriane. I form av familiefaren Stan Smith, CIA-agent og 2-barnsfar, blir sjølvsentrerte amerikanarar parodiert på ein overdreven (?) måte. Utruleg skeptisk mot alt av utanlandsk opprinnelse, dårleg kunnskapar om verda utanfor USA, målet om å vere verdens beste far – som likevel tenker meir på seg sjølv enn godt er, det er Stan Smith i eit nøtteskal. For ikkje mange dagane sidan såg eg sesongpremieren til den tredje runden av denne serien, som i og for seg er morosam på eit par område, men som ikkje heilt klarar å gi meg lysta til å sjå meir. Eg prøvde tidlegare meg på den første sesongen, men også den gong utan hell. Er American Dad for mykje av det gode?

Curb Your Enthusiasm

Larry David har alt; pengar, karriere og familie. Men han føler han manglar ei identitet. Slik oppsummerte NRK serien sist eg sjekka. Om dette er ei god eller dårleg beskrivelse kan eg ikkje skrive under på, for eg har berre sett ein episode så langt. I overtrøytt tilstand var den episoden god, og eg kunne kjenne igjen litt av stilen frå Seinfeld. Ikkje i oppbygging eller framstilling, men i typen humor. Eg ser fram til å få sett meir av denne serien ved eit seinare tidspunkt, helst frå starten av.

TV samlepost #6 plakat - Filmdagbok