TV samlepost #8

Skriv · · 24. september 2006

Hollywood, Le Regne des Series

Eventuelt Hollywood, the Reign of Series eller Hollywood — verdens seriemeister som NRK kalla dokumentaren når dei sendte den i Fakta på lørdag i går kveld. Dette er ein dokumentar som forsiktig skrapar overflata i TV-miljøet i USA, og spesielt i Los Angeles. Kortfatta informasjon om korleis seriar oppstår, litt om nettverka og dei største seriane, oppbygging av episodar og meir. Til å vere 45 minuttar fekk dokumentaren med ein del interessante poeng, statistikkar og TV-seriar. Intervju med McNamara og ein heller rask analyse av E.R. sin oppbygging er noko av det som kom med her.

Studio 60 on Sunset Strip

I tråd med gårsdagens dokumentar om TV-seriar i Hollywood fekk eg sett pilotepisoden av denne serien, som også handlar om TV-verden i Los Angeles, og då nærmare bestemt i form av eit TV-show med same namn som serien. Om den har potensiale for suksess er vanskeleg å forutsjå. Grunnlaget er interessant; å følge eit populært TV-show bak kulissene i dens drama og politikk. Pilotepisoden er ikkje mindre original at den går ut på å samle folket som vidare skal forsøke å få Studio 60 opp igjen på eit nivå den ikkje har vore på lenge, og å introdusere eit par av problema den står ovafor. Eg var lenge i tvil om eg hadde lyst å sjå meir av serien, men dei 5 siste minuttane med sine ‘eventyret begynnar’ filosofi klarte å engasjere litt. Og serien har absolutt skodespelarane på si side: Matthew Perry, Bradley Whitford og Amanda Peet er frå før av store namn. På ei anna side har eg kjensla av at det ikkje vil vere dokumentarisk effekt nok frå livet bak kamera til å halde meg interessert i lengden, for det var det som tok mest av merksemda mi i denne episoden. Så eg gir meg etter pilotepisoden, og skyggar difor unna serien inntil vidare.

TV samlepost #8 plakat - Filmdagbok