TV samlepost #9

Skriv · · 26. september 2006

Eg har sett nærmare på fire seriar som er aktuelle som nykommarar for tiden på amerikansk TV. Her følger korte oppsummeringar og tankar omkring pilotepisodane til ein kort komedie og tre lengre drama.

The Class

Situasjonskomediar som Friends, Two Guys, a Girl and a Pizza Place og How I Met Your Mother må vere ein av dei vanskelegaste sjangrane å skape noko nytt i. Det er alltid forholda som vil vere bindeleddet, og suksessen kjem an på skodespelarane og karakterane. CBS sin The Class ser ut til å føye seg i rekka av dårlege forsøk. Ei lita gruppe menneske som gjekk i tredje klasse på barneskulen møtes under ein gjenforening, og kjerna i den gruppa igjen vil bli fulgt vidare i eviglange trøyter om forhold og forviklingar. Eg ser ingen framtid for serien rett og slett, når ingen av karakterane virka spesielt interessante eller originale, bortsett frå ei kanskje, nok om det. Det er ikkje grunnlag nok for å bruke tid på iallfall. Fjorårets nykommar på same kanal, How I Met Your Mother, hadde i det minste ei historie som la grunnlag for seriens forhold og strabasar, og betre vitsar enn The Class. Ein serie som trygt kan bli oversett.

Heroes

Den hittil beste pilotepisoden eg har sett i år. Ei god blanding av drama og science fiction, mest av det første i grunn, men akkurat nok av det andre til at det gav meirsmak. Me møter nokre mennesker, plassert ulike stader i verden, som har oppdaga eller vil oppdage at dei har ulike spesielle emner. Eg kan nemne fly og tidskontrollering som to av dei. Som naturleg er i superheltesjangeren så vil det skje noko grusomt, og det er grusomme folk å stå i mot. Dette er ting som det virkar som serien vil utdjupe meir seinare, for når det gjeld pilotepisoden så er den hovudsakleg ei utgreiing om dei personane som me skal følge. Og på det settet klarar den jobben sin med glans, ikkje nok med at me får ei innblikk i dei spesielle emnene deira, eg følte at eg fekk bli godt kjent med dei og. Hadde eg hatt meir av denne serien liggande kunne eg glatt brukt heile kvelden på den, så engasjert blei eg av denne enkle 52 minuttar lange pilotepisoden. Ein serie som eg vil sjå meir på etter kvart, og som godt mogleg kan utkonkurrere Jericho som nykommar i TV-programmet mitt.

Kidnapped

Den 15 år gamle sonen til eit rikt ekterpar i New York blir kidnappa, og privatefferforskaren Knapp som er spesialisert på kidnapping blir leigd inn for å finne han. Knapp ønsker ingen innblanding av FBI, som betyr at FBI sjølvsagt blir kopla inn i saka etter kvart. Når sonen ikkje blir funne i første episode er det klart at dette vil vere ein av seriane der jakta vil gå over ein heil sesong. Om ein likar etterforskingsseriar så vil eg tru denne serien her kan vere av det rette slaget. Sjølv var eg ikkje på jakt etter ein serie i denne sjangeren for å følge den vidare, men likte likevel det eg såg.

Runaway

Ein av dei nye seriane til The CW, kanalen som består av samanslåtte WB og UPN, er dette thrillerdramet om ein familie som er på rømmen etter faren i familien har blitt beskylda for drap, med meir. Den er bygd opp i notid, med tilbakeblikk til livet før flukten, på same måte som Prison Break og Lost har gjort seg god bruk av. Med politiet i hælane, og ein ukjent farleg person med formål i å øydelegge for familiefaren hengande over skuldrene, handlar dette om å halde seg skjult og reinvaske namnet sitt. Etter tre veker på rømmen budset dei seg i ein liten by og startar frå byrjinga av til problema løyser seg. Naturleg nok vil nye problem dukka opp når ei ny identitet skal byggast, og all historie skal skjulast. Dette er spennande nok, men stiller litt svakt ettersom flukta også er eit tema i allereie etablerte Prison Break. Ei nærmare samanlikning vil vere vanskeleg å gjere, ettersom eg ikkje har fulgt den andre sesongen av Prison Break, og då ikkje kan rette fingeren mot det å vere truverdig. På spørsmålet om dette er ein god og spennande serie vil eg svare ja, men på spørsmålet om eg sjølv kan tenke meg å vie tid til å følge denne historien etter å ha sett piloten åleine vil eg svare nei.

TV samlepost #9 plakat - Filmdagbok