Vanessa Hudgens er klar for High School Musical 3

Skriv · · 6. november 2007

Kkjelder som kjenner forhandlinga mellom Disney og Vanessa Hudgens, seier at paratane neste veke vil signere kontrakten som gjer at ho vil halde fram i rolla som Gabriella Montez i den kommande High School Musical 3: Senior Year.

Det har lenge vore sådd tvil om Vanessa Hudgens ville bli gitt tilbod om ei rolle i den neste filmen, etter at private nakenbilder av ho blei spreidd på Internett. Rykta ville ha det til at Adrienne Bailon eller Sabrina Bryan frå den andre populære ungdomsserien Cheetah Girls skulle ta over for ho.

No har altså det konservative Disney-konsernet likevel bestemt seg for å sjå gjennom fingrane denne gongen, og tilby ho ein avtale. Ikkje nok med at dei signerte ny kontrakt med ho, men den nye avtalen vil gi Vanessa Hudgens ei god lønnsauke. Markedsverdien hennar har med andre ord ikkje blitt mindre etter at nakenbilda blei publisert. Heller tvert i mot.

Ei anna stjerne som også signerer ny kontrakt for High School Musical 3: Senior Year er Ashley Tisdale for rolla som Sharpay Evans.

High School Musical 3: Senior Year blir den første av dei tre High School Musical-filmane som blir produsert for kino. Den første var ein film som kom rett på tv. Den andre blei laga for videofilmmarkedet. Og no lagar dei altså den tredje for kino. Innspelinga av filmen vil byrje i januar 2008.

Kjelde: Vanessa Hudgens reportedly ‘locked in’ to ‘High School Musical 3’ – The Orange County Register.

Vanessa Hudgens er klar for High School Musical 3 plakat - Filmdagbok

Foto: Eryn Johnstone