
10 Cloverfield Lane
Eg gjekk til 10 Cloverfield Lane med berre ein vag ide om handlinga og forventa ikkje den heilt store opplevinga. Delvis basert på den gjennomsnittlege rangeringa av Cloverfield.
Cloverfield og 10 Cloverfield Lane har berre ei laus tilknyting til kvarandre i form av at historiene er lagt til det same oppdikta universet. Med andre ord er det økonomiske årsaker knytt til denne kreativiteten. Det er heilt ok.
Filmen handlar om ei ung kvinne som hamner i ei bilulykke og vaknar opp i ein bunkers. Mannen som har teke ho med dit meiner at verda er i ferd med å gå under på overflata, men verkar uansett ikkje som ein heilt stabil kar.
Kva som er sant og ikkje sant, og ikkje minst gradene av sanningar, løgner og mangel på informasjon er det som gjer at 10 Cloverfield Lane blir ein god film. Og ikkje minst korleis desse blir utforska i porsjonerte delar gjennom heile gangen til filmen. I endå større grad enn kva Cloverfield var, er dette spennande, sannsynlegvis på grunn av forteljarmetoden som blir brukt. Mangel på informasjon set i gong fantasien, mens det i Cloverfield blei vist for mykje og fantasien fekk mindre å spele på. Moglegvis eit feil samanlikningsgrunnlag, men på grunn av koplinga mellom filmane meiner eg at det er på sin plass å sette filmane opp mot kvarandre.
Eg er med andre ord nøgd med kva 10 Cloverfield Lane har å by på. Det er ein solid film, litt finurleg, men ikkje eit forsøk på å vere for lur.
John Goodman er ein viktig del av denne uvissa, slik Daniel Cook Johnson skildrar det på Film Babble Blog (filmbabble.blogspot.com). Han rosar ei framføring som gjer mannen både skremmande og i stand til å vise varme, og meiner at filmen held spenninga oppe utan dødtid. Det passar godt med mi oppleving av korleis informasjonen blir porsjonert ut. Me må heile tida vurdere kva me kan tru på.
