Hopp til hovedinnhold
Plakat for 2010 (1984)

2010

Film
2

Ni år etter hendingane på Discovery i 2001: A Space Odyssey, sender russarane opp eit nytt romskip for å finne ut kva som skjedde. Med hjelp frå amerikanske forskarar for å reaktivere Discovery og HAL-9000, i ei tid der USA og Sovjetunionen står på kanten av krig, prøver dei å få svar på kva monolitten er, og opplever ein del mystiske hendingar.

2010 er ein oppfølgar, men han er ganske ulik 2001: A Space Odyssey. Han er framleis ein vakker film, men ikkje eit kunstverk på same nivå, det er mykje meir vektlegging av dialogar, og forholdet mellom USA og Sovjetunionen kjem tydeleg fram i besetninga på romskipet som blir sendt mot Jupiter. Han har likevel klart å verne mysteriet godt, og er ikkje noko realistisk film for alt det menneske veit per i dag.

Bill Thompson på Bill’s Movie Emporium (billsmovieemporium.wordpress.com) meiner oppfølgaren fungerer best som ei konkret spenningshistorie om menneska om bord. Han set pris på detaljane i kvardagen deira, men synest filmen forklarer for mykje og strekker seg for langt i avslutninga. Eg opplever framleis at noko av mysteriet er verna. Me ser altså begge ein annan type film enn forgjengaren, men legg ulik vekt på kva dei mange samtalane tek vare på.

Stanley Kubrick har ikkje hatt noko med filmen å gjere, og var i mot at ein oppfølgar skulle bli laga. Etter 2001: A Space Odyssey var laga fekk han øydelagt alle modellane frå filmen så dei ikkje skulle bli brukt om igjen. Regissør for 2010 er Peter Hyams, og han står også bak manuskriptet. Filmen er på lik linje med 2001: A Space Odyssey basert på ein roman av Arthur C. Clarke.

Litt lang er filmen, vel to timar, men heldigvis ikkje så lang som 2001: A Space Odyssey. Eg trur aldri eg hadde klart å starte med han om han var så lang. Sist eg prøvde meg på denne kom eg vel ein halvtime ut i filmen før eg gav opp. Det er heller ikkje ein film eg kunne tenke meg å sjå opp igjen.