
28 Years Later
28 Years Later er ein postapokalyptisk film sett til same fiksjonsunivers som 28 Days Later og 28 Weeks Later. Me blir introdusert for folka på eit øysamfunn som har klart å halde zombiane unna. Nokre av dei på øya har regelmessige turar inn på fastlandet for å hente ting dei har bruk for. Me følger ein ung gut som skal ha sin første tur inn dit.
Mens eg minnast 28 Weeks Later som ein film utan særleg god historie, med mest fokus på reindyrka action, så er det her ein fin miks igjen. Filmen er overraskande nedtona til tider. Og når det først skjer noko så kan det vere ganske så brutalt.
Dei rolegare partia er noko William Bibbiani legg stor vekt på i omtalen på TheWrap (thewrap.com). Han les filmen som ei modningshistorie der karakteren Spike lærer om både liv og død. Han meiner at det har meir å seie om menneske enn om å drepe dei infiserte. Han er meir begeistra enn eg er, men dette forklarar kvifor blandinga fungerer betre for meg enn den meir reine actionen i førre film.
Totalen er god, men ikkje på høgde med det 28 Days Later baud på ein gong i tida. Som oppfølgar merkar eg at filmen er litt unødvendig. Med ei anna innsal og fleire unike grep så kunne eg likt dette endå betre.
