Hopp til hovedinnhold
Plakat for A Bronx Tale (1993)

A Bronx Tale

Film
3

Ein kommentar til plakaten først. Robert De Niro spelar i ei birolle. Chazz Palminteri har ei meir sentral birolle, men det er framleis Francis Capra og Lillo Brancato som står bak både hovudpersonen og forteljarstemma.

A Bronx Tale er ein film som eg i blant har trudd eg har sett før, og i blant har styrt unna fordi eg hugsar nokon sa at den ikkje var god. Og det er òg mitt inntrykk etter å ha sett han. Då eg for n-te gong sjekka om eg hadde sett filmen eller ikkje.

Det er ei uinteressant historie som blir fortalt. Og spesielt Lillo Brancato sitt portrett av ungdommelege Calogero er svakt. Berre omgivnadane og birollane er med på å løfte dette.

Det er lett å samanlikne med GoodFellas, som òg handlar om ein ung gut som blir interessert i gangstermiljøet. Men A Bronx Tale går aldri i noko retning verkar det som.

Oppveksthistoria treff langt betre hjå Liam på Motion Picture Blog (motionpictureblog.com). Han meiner at gangsterlivet først og fremst er bakgrunn for kampen mellom faren og Sonny om Calogero sine val. Han rosar også Lillo Brancato. Der er me tydeleg usamde. Eg ser verdien i birollene og miljøet, men opplever ikkje at guten si historie får det same grepet om meg.