Hopp til hovedinnhold
Plakat for A Busy Day (1914)

A Busy Day

Film
1

A Busy Day er ein kortfilm med Charles Chaplin frå 1914. Han er på seks minuttar, og handlar nesten utelukkande om ei dame som Charles Chaplin spelar. Ho blandar seg inn fleire konfliktar under ein parade, og blir del av fysiske basketak som følger av dette.

Dette var ein kuriositet eg såg og som var gratis tilgjengeleg. Eg var interessert i tidleg arbeid av skodespelaren, og det han var med i før han starta å spele landstrykaren i Kid Auto Races at Venice. Filmen hadde ingenting å tilby av godt innhald, framdrift eller fysisk humor. Sidan det er snakk om seks minuttar, er det lite som gjenstår når dette ikkje er på plass.

Den korte speletida blir ein fordel for Beryl Parkey på The Filme Diary (thefilmediary.wordpress.com). Omtalen meiner seks minutt er nok til å utnytte den enkle ideen, og finn mykje moro i Charles Chaplin sitt overdrivne kroppsspråk. Eg fekk ikkje den same gleda av bråket. Men det er ein konkret måte å sjå kortfilmen på. Som ein konsentrert komisk situasjon, heller enn ei historie som skal utvikle seg vidare.