
A Dog's Journey
A Dog's Journey er oppfølgaren til A Dog's Purpose frå 2017. I grove trekk bygger han på den same oppbygginga som forgjengaren sin.
Det handlar om ein hund, eller kan ein sei sjela til ein hund, som følger eigaren sin gjennom ulike hundeskapnader gjennom ein lengre periode. Måten dette er lagt opp til på, gjer at filmen blir både rørande, fin og morosam. Trass i at det er eit urealistisk premiss.
Skribenten på Blackguard Media Reviews (blackguardreviews.blogspot.com) meiner filmen trykker hardt på kjenslene, men at han også lukkast med å røre hundeglade sjåarar. Stemma til Josh Gad får særleg ros, medan dei menneskelege karakterane blir for enkle. Eg er mindre kritisk til heilskapen, men kjenner att kor mykje som kviler på hunden sitt perspektiv. Det er der både humoren og det rørande får feste for meg.
Filmen er god på å ta dyrerelatert oppførsel på kornet. Og tolkinga av forholdet ein hund har til sin eigar har god underholdningsverdi.
Eg vel å gi filmen ei passe høg rangering på grunn av at filmen traff godt. Og sjølv om eg ikkje ga så høg rangering til A Dog's Purpose, så vil eg sei at dei er omtrent like gode.
