Hopp til hovedinnhold
Plakat for A Garfield Christmas Special (1987)

A Garfield Christmas Special

Film
2

A Garfield Christmas Special er i likskap med A Charlie Brown Christmas ein kort animert tv-spesial som vart sendt på tv for ei stund sidan og som i ettertid har vorte tradisjon, om ikkje i Noreg, så iallfall i USA. Eg har heller aldri sett katten Garfield animert før eg såg denne spesialen, men eg har alltid vore nysgjerrig, berre ikkje nok til å gjere noko med det.

Tilhøvet mitt til Garfield-striper i aviser og blad er svakt, eg les det eg kjem over, vel halvparten er artig, men eg har aldri kjøpt eit Garfield-blad eller gått inn for å oppsøke serien.

Om spesialen kan det vel seiast at det heller ikkje her er den beste historia dei bygger på. Men heller ei forventing at folk har kjennskapar til fiksjonsuniverset frå før, og kan le av og med karakterane. I ei handling sett til ei koseleg julefeiring. Litt koseleg er det, og litt humor når gjennom til ein gretten, skeptisk gubbe som meg også. Men dette var nok ikkje meint å treffe meg.

Endå mindre velvilje finn eg på Retroflix Reviews (retroflix.wordpress.com). Omtalen meiner det meste av humoren er påtvinga og familien usympatisk, men gjer eit unntak for stunda der bestemora minnest den døde mannen sin. Eg kjem mildare frå denne julefeiringa. Sjølv om historia er tynn og ikkje treffer meg heilt, slepp det gjennom både hygge og nokre morosame innslag.