Hopp til hovedinnhold
Plakat for American Dreamz (2006)

American Dreamz

Film
2

American Dreamz, er av den type film som har ein god og morosam filmtrailer som eg gjerne ser meir enn ein gong. Filmen er dessverre ikkje så god som den gir uttrykk for i filmtraileren, noko som ikkje er overraskande.

Han er derimot betre enn mykje av det andre som kjem ut, i og med at han tar satire på eit nivå som i grunn ikkje krev anna enn grunnleggande amerikakunnskapar, og kombinerer det med den vanlege typen humor. Med det tenker eg på Hollywood-komedie utan fyll og fest.

Bak parodiane finn skribenten på A Nutshell Review (anutshellreview.blogspot.com) eit poeng om menneske som stadig gjer det andre ventar av dei. Både fjernsynsstjerna, presidenten og deltakaren blir drivne vidare av roller dei ikkje heilt vil ha. Det gir ei interessant utdjuping av satiren eg likar. Dei lett attkjennelege figurane er ikkje berre påskot for enkle vitsar, sjølv om filmen heller ikkje gir meg all moroa som traileren lova.

Eg trur likevel du bør skugge unna denne viss du er på jakt etter ei blanding av American Pie, About a Boy og In Good Company. Likevel om det er same regissøren og mange av dei same skodespelarane, blir det ikkje same moroa som det var i dei to førstnemnde.