Hopp til hovedinnhold
Plakat for Anchorman 2: The Legend Continues (2013)

Anchorman 2: The Legend Continues

Film
2

I 2004 kom den vittige og gode Anchorman: The Legend of Ron Burgundy, som eg sidan har sett fleire gonger. Forventningane til Anchorman 2: The Legend Continues var difor på plass. Om dei ikkje var dei største forventningane, så var det iallfall tru på at filmen skulle levere gjennomsnittleg godt.

Etter mi meining så mislykkast filmen med dette. Dei to timane som dette varer er full av tilsynelatande improvisert humor, som fungerer greit i små doser. Og dette gjeld dei andre humoristiske innslaga i filmen også, som har det med å dra det ut. I utgangspunktet har eg ingenting i mot den tørre og rare komedien som Will Ferrell ofte er del av, så problemet mitt med Anchorman 2: The Legend Continues er nok meir enn berre dette.

På Den of Geek (denofgeek.com) blir tapet av spontanitet ei viktig innvending. Omtalen meiner fleire gamle vitsar kjem tilbake utan same friskleik, medan dei mindre scenene mellom personane framleis kan fungere godt. Det er nær det eg saknar også. Når filmen brukar så mykje tid på å rope høgt og tøye påfunna, blir det mindre rom for den tilknytinga som kunne gjort oppturane og nedturane til Ron meir interessante.

Det har nok meir å gjere med at filmen ikkje klarer å etablere den emosjonelle tilknytinga spesielt godt. Historia om Ron i denne filmen blir ein overflatisk nedtur, opptur, nedtur og opptur. Og når det ikkje er nokon grunn til å verken heie eller håpe på noko, så blir også dei kopierte innslag frå Anchorman: The Legend of Ron Burgundy altfor tydeleg meiningslause.

Eg kritiserer filmen fullt ut fordi eg er skuffa. Og eg har til vanleg ikkje dei høgaste krava til studioprodusert komedie heller. Eg trur likevel dette kunne ha blitt ein god film og ein verdig oppfølgar. Då måtte han ha vore ein halvtime kortare. Nokre av dei nesten rørande scenene måtte også ha fått meir å seie.