Hopp til hovedinnhold
Plakat for Anon (2018)

Anon

Film
4

Andrew Niccol er ikkje eit nytt namn når det gjeld filmar lik Anon. Han står bak filmar som Gattaca, S1m0ne og In Time. Og Anon passar godt i dette selskapet. Sjølv om eg tykker at mange tv-filmar og Netflix-filmar har eit billeg preg, så må eg sei at det å sjå Anon fascinerte meg.

Både Clive Owen og Amanda Seyfried spelar godt i denne dystopiske detektivfilm. Det er ikkje ein actionfilm, men ein med ei handling tar seg god tid. Det også litt filosofi i denne futuristiske saken, viss eksakt år han skal gå føre seg i er ukjent. Handlinga går ut på at ingen i denne framtida kan forbli anonyme.

God underhalding og ein anbefalt film.

Ein god idé er ikkje nok for Nick Allen på RogerEbert.com (rogerebert.com). Han finn framtidsverda detaljrik og byrjinga spennande, men meiner at dei mange forklaringane gjer etterforskinga tung og filmen kald. Eg blei meir fascinert av heilskapen. Den langsame detektivhistoria og dei filosofiske sidene gav meg noko å følge, sjølv om det ikkje er action som driv filmen.