
Assassination of a High School President
Teen noir har eksistert ei stund. Forenkla kan teen noir skildrast som ungdomsfilm med inspirasjon frå film noir eller neo noir med ungdommar. Skiljet har ikkje akkurat blitt definert, men ei masteroppgåve frå Universitetet i Bergen er å finne på problemstillinga.
Filmen Brick og serien Veronica Mars er blant dei mest refererte titlane til når det gjeld denne sjangeren, stilen eller rørsla. Assassination of a High School President med sine tydelege sjangertrekk kan så gjerne tilførast kanonen.
Assassination of a High School President er ein av dei betre filmane som kastar seg på bølga av mørkare tenåringsfilmar utover 2000-talet, og fyller fleire av konvensjonane til teen noir. På ein katolsk high school støyter forsøket til mobbeofferet og helten vår, Marty Mullen, på å slå gjennom som journalist i skuleavisa, i lag med ein konspirasjon mot den sittande studentrepresentanten.
Mullen er eigentleg ein antihelt. Han blir lurt av kvinner, får juling og blir hengt ut som løgnar. For oss som ikkje er fullt så oppdaterte på film noir og neo noir, kan han enkelt sagt minne om rollefiguren til Jack Nicholson i Chinatown.
Historia her gjer ikkje forsøk på å vere smartare enn ho er, men skal jo likevel vere litt lur, og fungerer flott. Med litt humor blir ikkje resultatet sjølvhøgtideleg og det faktum at Mullen står fram som både helt og antihelt, dum og i blant lur, gjer at det ungdommelege kjem fram, som ein person som stadig er i oppveksten.
Humoren skil også filmen frå Brick i omtalen på Middle of the Row (middleofrow.com). Skribenten meiner dette er ein mindre mørk og stilisert variant, men at gode replikkar og ei engasjerande etterforsking veg opp for manglande originalitet. Det er nær det eg likar her. Filmen brukar dei velkjende noir-grepa utan å bli så oppteken av å verke smart at ungdommane og det komiske forsvinn.
Etter litt pirking kan nokon av karakterane i filmen trekkast fram for å vere litt for normale, eller anonyme, til å vere av særleg interesse. Dette er då likevel småtteri, og Assassination of a High School President var i all hovudsak ei positiv oppleving av ein film som gjekk meg hus forbi når han kom ut.
