
Bad News Bears
Denne filmen såg eg i utgangspunktet før jul, men ettersom eg heilt hadde gløymt å skrive om han her, så får eg putte inn det eg hugsar. For det er jo litt av poenget med Filmdagbok, å få inn alle filmane eg har sett.
Me møter Morris Buttermaker, spela av Billy Bob Thornton, ein karakter som i sin alkoholiserte veremåte kan minnast ganske sterkt om rolla Billy Bob Thornton gjorde i Bad Santa. Filmen er ei nyinnspeling av ein film med same tittel frå 1976, som eg ikkje har sett. Glenn Ficarra har vore med på å skrive både Bad Santa og Bad News Bears. Eg har ein sterk mistanke om at han hadde Billy Bob Thornton i tankane då han valde å vere med på å lage denne filmen på nytt.
Men for å komme til poenget mitt, denne filmen var eigentleg ikkje noko spesielt, verken i å vere morosam eller interessant. Iallfall hugsar eg han ikkje som sånn no, sikkert fire månader etter at eg såg han.
Ei meir nøgd vurdering finst på The Armchair Critic (thearmchaircritic.blogspot.com). Der blir både dei korte replikkane og barna sine framføringar trekte fram som kjelder til latter, sjølv om også denne skribenten kjenner behov for ein pause undervegs. Eg har ikkje dei same gode augneblikka sittande igjen i minnet. Med litt avstand til visinga er det nettopp mangelen på noko særleg morosamt eller interessant som definerer inntrykket mitt.
