
Barton Fink
Etter ei skuffande oppleving med Raising Arizona var det ein opptur å sjå ein god film frå Joel Coen og Ethan Coen. Barton Fink er med John Turturro og John Goodman. Eg skal trekke fram dei største årsakene til at Barton Fink er ein god film.
Joel Coen og Ethan Coen har ein god sans for detaljar. Detaljane er viktig for heilskapen, realismen og dermed stemninga. Stemninga på hotellet der store delar av filmen går føre seg er godt gjennomført, kanskje berre overgått av The Shining, mykje på grunn av detaljane som hovudpersonen observerer. Musikken hjelper på.
Observasjonane er som poetiske augneblinkar, det skjer noko i desse stille stundene (med musikk) som leiar tankane inn på tankar som eg reknar med me skal bli leia inn på, utan at noko blir sagt.
Hotellstemninga blir også avgjerande for Sam Sewell-Peterson på The Film Magazine (thefilmagazine.com). Han trekker fram den altfor langvarige ringelyden i resepsjonen, den klamme varmen og støyen frå naborommet som gjer staden ubehageleg. Det ligg nær det eg meiner med detaljar som leier tankane utan forklaring. Hotellet er ikkje berre ein bakgrunn for skrivesperra, men eit rom som heile tida verkar inn på korleis me opplever henne.
Filmar om forfattarar som denne har eg sansen for, sånn er det med den saka. Her er historia enkel nok. Kombinasjonen av skriveblokk og mørk thriller gir eit spennande preg over ein film som det eigentleg ikkje skjer så mykje i.
Når alt kjem til alt var det mest den gode stemninga eg beit meg merke i, det var ein fryd å ta inn over seg denne filmen.
