Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Shining (1980)

The Shining

Film
5

Tredje gongen eg har sett denne filmen, og han er framleis like bra.

Dette var ein anna versjon av filmen enn eg har sett tidlegare. Denne versjonen inneheld eit par ekstra scener samanlikna med tidlegare. Alt i alt var det 20 minuttar i tillegg. Filmen er framleis skummel, takk og pris. Og eg såg ekstramateriale for første gang, bak kulissene av Vivian Kubrick var interessant, i form av Making 'The Shining'.

Nervepirrande. Bra skrivne dialogar. Flott miljø.

Ein kvalitetsfilm signert Stanley Kubrick. Eit godt førebilete til korleis bøker av Stephen King bør og kan filmatiserast.

Diabolu Frank på ...nurgh... (nurgh.blogspot.com) sovna fleire gonger og meiner både replikkane og musikken blir for gjentakande og overtydelege. Det er ein ganske kraftig motpol til mi eiga oppleving. Eg er framleis spent ved tredje vising og i ei lengre utgåve. Det viser kor ulikt me kan reagere på den same oppbygginga. Det som for han blir langdrygt, gir meg tid til å kjenne at noko er gale i dette miljøet.