
Basic Instinct
Denne klassikaren har ikkje akkurat gått under radaren min i alle år, men vore ein så kjent filmtittel at eg rett og slett mista litt interessa for å sjå han. Eller eigentleg sette meg noko inn i kva historie filmen formidlar.
Basic Instinct er regissert av Paul Verhoeven. Mannen bak gode filmar som RoboCop og Starship Troopers. Dette hadde ikkje tenkt på før eg starta avspelinga. Men det var ei positiv overraskinga. Og det gjorde meg kanskje endå meir open for at dette kunne vere bra.
På mange måtar er Basic Instict ein god film av høg kvalitet. Det er skapa ei god atmosfære. Filmfotograferinga er heilt ypparleg og osar av kompetanse og god film.
På handlingssida er det ikkje så aller verst heller. Å følge karakteren til Michael Douglas som har hatt sitt å stri med, blir trekt inn i eit psykologisk og erotisk nett i si kriminelle etterforsking er innimellom spennande.
Men andre stunder er filmen litt for mykje av seg sjølv. Og ikkje på ein tøff RoboCop-måte heller. Men meir på ein litt ufrivillig komisk måte kanskje. Pluss at filmen er litt for straumlinjeforma. Så eg saknar litt djupn i etterforskinga.
Det overdrevne uttrykket får òg James Berardinelli til å reagere. På ReelViews (reelviews.net) meiner han at filmen brukar sex og vald til å skjule veikskapar i historia, og at replikkane stundom nærmar seg komikk. Han er langt meir negativ enn eg, men innvendinga er relevant. Den gode atmosfæren gjer ikkje nødvendigvis etterforskinga meir interessant.
