
Batman & Mr. Freeze: SubZero
I Batman & Mr. Freeze: SubZero får Batman gjensyn med Mr. Freeze frå Batman: The Animated Series og må hanske opp med ei kidnapping av dottera til Lt. James Gordon, Barbara Gordon.
No har eg verken sett det ene eller andre av nokon Batman-seriar på tv og såleis ikkje Batman: The Animated Series heller, men Batman & Mr. Freeze: SubZero er ein sjølvstendig animasjonsfilm som kan sjåast åleine. Eller i samanheng med enten serien eller Batman: Mask of the Phantasm.
I 1998 har animasjonen tydeleg komme til eit punkt der 3D-teknikkar er tatt i bruk. I nokre få scener er det eit stykke igjen til perfeksjon. Stort sett er dette like upåklageleg som dei nyaste satsingane frå DC/WB.
Sjølve handlinga startar som ei tradisjonell detektivhistorie. Me blir introdusert for andre personar enn Batman, og etter kvart ei kriminell handling. Musikk og stil gir assosiasjonar til 1950-talet og kler historia veldig flott. Når Batman og Robin gjer ein sein entre er det med kraft, og utover i filmen blir dette meir og meir ein spenningsfylt og eksplosiv film enn ein krim. Ei passande utvikling sett frå min ståstad.
Regien får mykje av æra på The m0vie Blog (them0vieblog.com). Omtalen meiner Boyd Kirkland skaper gode bilete og ei tydeleg kjensle av panikk, medan manuset er enklare og meir avhengig av tilfeldige samantreff enn dei beste Batman-historiene. Det er eit rimeleg atterhald, sjølv om utviklinga fungerer godt for meg. Den veksande faren og den sikre stilen gir dette nok driv til at eg blir med frå etterforsking til eksplosiv action.
