Hopp til hovedinnhold
Plakat for Batman: Mask of the Phantasm (1993)

Batman: Mask of the Phantasm

Film
3

DC animated universe er ein omgrep som står for ulike animerte seriar som deler kontinuitet innan DC-universet, samt enkelte avspinnarar. I løpet av 10 år kom det fire slike filmar frå Warner Bros, alle om Batman. Ein femte film om Justice League blei lagt på is og sidan 2003 har det ikkje skjedd noko på denne fronten, lite sannsynleg er at det vil skje noko i tida framover også, da DC og Warner Bros. i fjor starta DC Universe Animated Original Movies-satsinga som står på eigne føter utanfor animerte seriar.

Batman: Mask of the Phantasm er første film ut i rekka. Gangen i handlinga er sett til 1950 eller 1960-talet etter bilar, klede og bygningar å dømme. Teiknestilen passar godt med sine litt klosseaktige ansikt og harde kantar. Av skurkar finn me både The Joker og The Phantasm, men i motsetning til Spider-Man er jo aldri Batman så enkelt som å jakte ned og slåst mot ein superskurk. Ikkje stygt meint, Spider-Man-filmane er fine dei. Handlinga involverer også mafia, pengeutpressing og tilbakeblikk til korleis flaggermusmannen blei til. Den historia er annleis og mindre fullstendig enn i Batman Begins. Igjen, forskjell er berre bra.

Filmen byr ikkje på nokon wow-opplevingar, men har eit godt driv og ei god stemning. Mark Hamill gir stemma til The Joker. At karakteren fungerer like godt her som i Batman av Tim Burton frå 1989, stadfestar noko for meg. Mykje av suksessen må ligge i at karakteren rett og slett er ein genial fantasi. Eg gler meg endå meir til å sjå Heath Ledger gjere The Joker-rolla i The Dark Knight.

Jokeren får også ei viktig rolle i vurderinga til Chris Evans på Geek Blogger Reviews (geekbloggeruk.wordpress.com). Han rosar Mark Hamill si blanding av leik og galskap, men framhevar også at skurken er knytt skikkeleg til historia. Det siste er vesentleg. Ein god figur kan framleis bli eit påheng, medan Jokeren her får vere ein del av mysteriet og fortida, ikkje berre ein kjend motstandar som skal dukke opp til slutt.